Aslak Monstad (16) har, i lag med resten av arbeidslivsfag-gjengen ved Danielsen ungdomsskule på Valestrand, jobba med stavbygget til nye Valestrand torg. – Eg trur det blir ein plass heile bygda kjem til å bruke flittig, fortel den fingernemme karen frå Votlo. Alle foto: Anders Totland.

Det unge hjartet som hamrar for gamle byggeskikkar

Valestrand får snart eit nytt torg dei kan vere stolte av. Midt i byggeprosessen står ein stolt 16-åring og ser på bygda sitt nye landemerke. – Eg trur folk på Valestrand vil bli glade i den nye plassen, smiler Aslak Monstad.