Osterøy formannskap har i nærare to dagar denne veka vore samla til seminar om neste års kommunebudsjett.

Alle partia i heradsstyret har deltatt i desse møta og som Bygdanytt sine lesarar har fått med seg må kommunen kutta 27 millionar kroner i drifta i 2019.

Dei folkevalde i formannskapet har i fellesskap spela inn spørsmål og forslag til tiltak til administrasjonen, mange av dei åtgjerder dei eigentleg ikkje ynskjer å verksetja eller vil unngå om mogleg. Men her må vi snu kvar ein stein.

Vi har smale og dårlege vegar i kommunen. Vi har kommunale bygg som mange sårt treng vedlikehald. Vi treng fleire barnehageplassar. Vi treng fleire omsorgsbustader. Vi har ei lang liste med tiltak for å gjere kommunen vår enda betre å bu i.

Likevel presterer Frp å publisere eit lesarbrev i Bygdanytt same dag som seminaret er avslutta der dei skryt av korleis dei ville brukt overføringa frå Havbruksfondet som om kommunen hadde vunne i Lotto. Vel å merke om berre dei fekk styra kommunen slik dei ville.

Vyrde lesar, korleis skal politikarar frå andre parti makta å ta Frp seriøst når dei kjem med slike uansvarlege utspel?

Er det rart ein sukkar høgt og oppgitt når dei så openbert ikkje tek stoda på alvor?

Hugs dette neste gong Frp spelar ut offerrolle-kortet etter at alle dei andre partia har makta å arbeide fram eit kompromiss utan deira deltaking: Dei spelar seg sjølv på sidelinja fordi ein kan ikkje ta dei seriøst.

Hjalti H. Gislason

Leiar i Osterøy Høgre