Osterøy kommune skal selja Hamre og Hjellvik skular.

Då Hjellvik skule vart lagd ned for nokre år sidan, vart det sagt at bygningen var ikkje godkjend til skuledrift.

Etter at folk i krinsen fekk leiga skulen til å driva Montesorriskule i, har dei lagt ut mykje pengar på bygningen og eit imponerande tal dugnadstimar på bygningar og skuleanlegg.

Les meir om saka:

No vil som nemnt kommunestyret selja skulen. Det er rimeleg, for ein kommune treng/bør ikkje stå som eigar av ein bygningsmasse som ikkje er nødvendig for den kommunale drifta.

Men så har eit fleirtal av heradsstyret, Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og Miljøpartiet dei grøne, vedteke at dei vil setja prisen etter noverande standard på anlegget, og altså rekna inn i prisen både dei utlegga og alle dei dugnadstimane som folk i krinsen har gjort for å få skulen opp på denne standarden.

Dette strir mot vanleg rettferdskjensle og virkar heilt urimeleg. Og attpå til viser dei i Bn 20. april s. 23 til ”gode etiske prinsipp i forvaltinga”. Kva tid vart det god etikk å gjera seg rike på andre sin kostnad? Viss private hadde gjort noko slikt, ville det ha vorte sett på som eit utslag av grådigheitskultur.

Les fleire lesarbrev om saka:

Dette vedtaket bør ikkje verta ståande. Fleirtalet får ta eit steg tilbake og tenkja over kor mykje dei kunne ha fått for skulen før krinsen kom inn med pengar og dugnadsinnsats. Dei bør og tenkja på kor mykje dugnad som har vorte gjort frå bygdafolket si side mens skulen var i kommunal drift.

Og gje  gjerne folket i krinsen honnør for at dei tek på seg oppgåva og arbeidet med å driva ein friskule. Dei gjer ikkje noko anna enn å nytta foreldreretten sin om å velja opplæring for borna. Denne retten er nedfelt i FNs menneskerettighetserklæring artikkel 26.3.