Minneord: Eit av dei fyrste bilda eg er med på etter at vi kom til Arna, er av barnefråhaldslaget i Ljoshall. På bildet ser eg beundrande opp på leiaren av det heile; Asbjørn Solberg. Den beundringa har i grunnen vart gjennom heile livet.

– På bildet ser eg beundrande opp på leiaren av det heile; Asbjørn Solberg. Den beundringa har i grunnen vart gjennom heile livet. Foto: Privat

For barnefråhaldslaget var veldig kjekt. Vi leikte «Slå på ringen» og mange andre kjekke leikar. Det var til og med der eg debuterte med å spela offentleg; «Til Elise» vart framført på julefesten. Og bak alle dei kjekke aktivitetane stod Asbjørn, saman med mellom anna Boge–brørne.

Ljoshall vart eit triveleg og trygt punkt i Arna. Asbjørn møtte oss alltid med eit venleg smil, og varm velkomsthelsing. Når eg var tenåring arrangerte fråhaldslaget dans og popkonsertar med mange flotte band. Det var lettare å få lov å gå i Ljoshall enn i Espelandshallen. For mor mi var redd alkoholen.

Når eg var vaksen dukka Asbjørn opp igjen i livet mitt og inviterte meg til å halda kåseri og foredrag om arbeidet eg dreiv med rus og kriminalitet i CRUX Kalfarhuset.

Eg forstod han syns det var stas at eg på ein måte tok opp tråden og arbeidde for å hjelpa folk som strevde med rus. Han hadde jo sådd dei fyrste frøa for å gjera oss bevisste om kva skade rus kan gjera for folk. Og kva gode, rusfrie alternativ kan bety.

Asbjørn var ei søyle i bygda vår, involvert i så mykje fint i ulike roller. Eg syns han var heil ved; ein kjernekar.

Og no når han er borte sit eg att med stor takk for alt han betydde for bygda vår og for meg. Signe minnet!

Ragnar Tesdal