Vi vil aller først sei tusen takk til elevrådet ved Haugland skule for eit veldig flott lesarinnlegg om skuleveg i Bygdanytt 14.november. Det er kjempeflott å lese at dei unge er opptatt av trafikktryggleik og at det skal køyrast minst mulig bil til skulen.

Elevrådet har dessutan heilt rett i det dei skriv: Delar av skulevegen mellom Haugland og Ytre Arna må det gjerast noko med, slik at det vert trygt og godt også for dei yngste å gå. Statens Vegvesen og Bergen kommune er derfor godt i gang med å planlegge forbetringar, og vi samarbeider også med Arna Steinknuseverk for å finne gode løysingar for dei gåande i Orfallet. Her trengs det iallfall ny belysning og mykje tydeligare gangvegar gjennom krysset.

Elevrådet har også rett i at det er skummelt å gå av bussen ved krysset mellom Gaupåsvegen og Bankvegen, rett nedanfor Ytre Arna skule. Også her er vi i gang med å planlegge nye løysingar, slik at dei som tar buss til skulen får det trygt. Vi har lest synspunkta frå elevrådet nøye, og vil ta dette med oss vidare i planlegginga.

Vi ventar at vi skal ha klare forslag til korleis dette kan gjerast i januar neste år, og vi ønskjer då veldig gjerne å invitere elevrådet til å sjå på desse forslaga før det vert sett i gang vidare arbeid. Då kan elevrådet komme med sine synspunkt på om dette verkar trygt nok eller ikkje. Det er viktig at meiningane til dykk som er barn og unge vert høyrt, spesielt i saker som gjeld trafikktryggleik.

Igjen: Tusen takk for viktige innspel, så høyrer de frå oss igjen etter nyttår!

Med vennlig helsing:

Erlend Vågane, Bergen kommune

Mats Korneliussen, Statens Vegvesen