Arna er formelt, administrativt og teknisk ein del av Bergen. Kulturelt berre delvis, og geografisk ein heilt, heilt annan stad.

Arna er ein stad langs den nasjonale jernbanestrekninga kalla Bergensbanen, med eit innbuartal omlag på storleik med Voss kommune. Ein kvar planleggjande bergensar som ønskjer å forstå Arna kan til dømes byrje med å erkjenne desse grunnleggjande røyndomane.

Arna er ikkje eit tilfeldig stopp langs trikkelina Bybanen. Difor kan ein heller ikkje utan vidare overføra og nytta eit standardisert byplanleggjingskonsept tilpassa Bergen, her. Til det er skadepotensialet for stort.

Konfliktområda er i alfabetisk rekkjefølgje: høghus, næring, trafikknutepunkt, utfylling og vegar.

Det handlar om kva sentrumsområdet skal innehalde, og til dels kvar det skal definerast.

Dagens jernbaneområde i Arna vart bygt for ei framtid der jernbanen skulle spele ei viktig rolle både for person og varetransport. Dei beste jordbruksområda og strandline vart ofra for at jernbanen også skulle tene ei framtidig industriell utvikling av bygda, og utbygginga vart dimensjonert deretter. No når jernbanen står framfor den veksten ein såg føre seg for femti år sidan, vert alt dette sett i spel.

Dei kommunale visjonane for Arna liknar til forveksling planane for sekstitalet sine pendlarbyar, om enn i ei moderne innpakning. Om ein målbar auke i togpendlinga er ambisjonsnivået for planen er det ikkje verdt prisen.

Framtida der det nye dobbeltsporet mellom Bergen og Voss er ein realitet vil innebere dimensjonar som er langt breiare. Aust-vesttrafikken både på veg og jernbane passerer her. Snart vil også sør-nordtrafikken gjere det same. Flesland flyplass ligg like nært Indre Arna som Bergen sentrum.

Ein bør ikkje la seg overraska om det etterkvart og kjem krav frå områda både nord og sør for Bergen å bli kopla på det nasjonale jernbanenettet. Då kan kan Arna vere løysinga som trafikknutepunkt.

Uansett kva for næring som vil prega Arna i framtida, er jernbaneområda og bruken av desse viktige og heilt unike aktivum for framtidig verdiskaping i Arna. Dei må difor ikkje ukritisk øydast på ei bustadbygging det ikkje ein gong er trong for.

Nettopp fordi Arna er så annleis enn alle andre stader i Bergen kommune, finst det mogelegheiter for ei alternativ utvikling. Forutan knutepunktfunksjon er jernbaneområda særleg eigna for reiselivsnæring.

Framtidas K5 vert langt på veg eit lukka transportsystem. Det gjev tyngde til dei få opne stoppestadane. Men og ein portfunksjon; noko som gjer det freistande med nestan sanne ordspel av typen: ingen kjem til Osterøy utan gjennom Arna.

På Osterøy er ikkje reiselivsnæring noko nytt og no satsast det, både frå det lokale reiselivslaget og i utviklingsprosjekt i kommunal regi for å utvikla turistprosjekt.

Hordaland fylkeskommune peikar på reiseliv som ein av tre bransjar ein rår til å utvikle. Faglege uttaler viser at turistane i all hovudsak kjem for å oppleve naturen og fjordane, og tilstrøyminga er aukande.

Arna er den einaste bydelen som har dei naturlege kvalitetane som oppfyller dette. Arna er også porten til fjordlandskapet kring Osterøy, og fjellandskapet i aust. Dessutan kan dagens opne ferdselsårar utviklast til morgondagens turisttilbod, når K5 er på plass.

Ei anna side ved K5 systemet er fart og transportkapasitet. Det opnar for å gje jernbaneområda endå ein funksjon utover knutepunktfunksjon og hotell- og serveringsnæring. Det vert å gje plass til konsert/kultur/kino – arena.

I 2019 opnast kino på Lagunen. Om du etter K5 vel å gå på toget i Bergen i staden for Bybanen vil du kunne sitje i kinosalen på Voss medan Bybanen berre er komen til Nesttun. Bergen har valt eit anna, etter deira syn framtidsretta skinnegåande transportsystem, og eit anna perspektiv på bruken av området kring Bergen jernbanestasjon.

Vi tilbyr bergensarane avlasting av turistpresset, varig løysing av bubilproblemet og gullkanta investeringsmogelegheiter for næringslivet.

Men ei slik satsing er sjølsagt uforeinleg med høghus, utfylling av fjorden og ukritisk bustadbygging på jernbaneareala, fundert på misforståtte ideear om skinnetransport.

Arna er i den heldige situasjonen, i motsetnad til mange andre lokalsamfunn, at ein har dei naturgitte føresetnadane som skal til for å velje vekst i arbeidsplassar innafor ei prioritert vekstnæring. Spørsmålet er om vi har dei rette naboane.

Erik Grytdal

Indre Arna