Ville du til dømes invitert Olga ut på blind date? Tenkte det nok, ja.

Og ville du kjøpt bil av Kurt-Roger?

Og no er det altså bevist at du ikkje bør tilsetja dei som heiter Ronny som dagleg leiar. Ronnyane har det nemleg med å gå konkurs.

Det var etter eit søk på namnet mitt eg hos E24 fann ei oversikt frå Proff Forvalt over kva namn som går mest konkurs her i landet.

I nesten ti prosent av konkursane heiter sjefen Ronny. Meir enn ein gong har eg fått høyra at eg neppe kan ha vore mors beste barn når eg fortel folk kva eg heiter.

Og eg som berre har to fartsbøter og ein parade på ungdomsskulen i mitt synderegister.

Å, ja, tenkjer somme kanskje no. Ronny var altså ein ramp på skulen?

Myten om akkurat det vart stadfesta at noverande Celtic-trenar Ronny Deila som hevda at han ikkje kjende til ein einaste sjef med namnet Ronny som hadde gått konkurs, men derimot at skulerampen heiter Ronny.

Men eg kan forsikra at det berre er denne paraden eg har på samvitet, og det var eit uhell at snøballen trefte ein lærar.

Har vi ronnyar det vanskelegare med å få lån enn andre? Proff Forvalt gjer i alle høve sitt til at det neppe blir lettare å få lån.

Og når sant skal seiast har det vel kanskje hendt at lånekonsulenten har kikka opp frå lånepapira både ein og to gonger når eg har sagt namnet mitt under utfyllinga av papira.

Skulle eg liksom sjå ut som ein som ikkje kom til å betala tilbake lånet, berre på grunn av mitt belasta fornamn?

Men eg fann ut litt meir etter å googla namnet mitt. At det kjem frå Eng- land er ikkje så spennande å vita om. Litt meir interessant er at nesten 6.000 i landet heiter Ronny, og namnet var på sitt mest populære i 1975. Men mest spennande er det kva namnet tyder. Ikkje mindre enn ein kongeleg rådgjevar. Det kan vi ronnyar leva med...