Eg skulle til Bergen ein dag og valde å køyra til Arna å ta toget. Noko eg har gjort mange gonger før utan problem, men denne gongen var det enklare sagt enn gjort. Eg sjekka først bussruta opp mot toget eg skulle ta, men utanom rushtrafikken er vi heldig om bussen korresponderer med tog til Bergen.

Kjem du etter rushtrafikken har lagt seg så er du heldig om du får parkering.

Som kjent er det blitt minimalt med parkering etter stengte parkeringsplassar pga. bygging av ny terminal. Kjem du etter rushtrafikken har lagt seg så er du heldig om du får parkering. Du må i alle fall rekna god tid.

Eg var heldig denne dagen. Det kom ein gåande og eg rulla ned vinduet for å høyra om han skulle kjøra vekk frå parkeringsplassen. Det skulle han og eg suste etter. Det kom også ein annan bil som tenkte same tanken som meg, eg trykte på fløyta, noko som eg sjeldan gjer, og sjåføren stakkar kjørte vidare for å leita etter ein ny parkeringsplass, som er å leita etter ei nål i høystakken.

Det er jo reine «jungelen» ein må gjennom før billetten kjem.

Så var det neste steg. Kjøpa billett til toget. Eg kom opp på perrongen og ein annan stod og trykte på billettmaskina. Eg sto å trippa, for toget som eg måtte rekka skulle gå om nokre minutt. Det er jo ikkje berre til å velja Arna- Bergen tur/ retur. Det er jo reine «jungelen» ein må gjennom før billetten kjem.

Det er opp til 16 trykk før du kan betala og maskina gjev billetten frå seg. Det er månad, dag, stad, klokkeslett, plassbillett og veit ikkje kva. Eg kan ikkje skjøna kvifor eg må trykka meg gjennom ein heil jungel før eg kan få billetten ut! Det må då no vera ein enklare måte å få det til på? Skal eg til Oslo forstår eg at det er greitt med plassbillett, tid og stad, men ikkje mellom Arna og Bergen.

Men no er det nok nokon som seier at eg kan bruka app, det kan eg nok få til. Men det er ikkje berre meg eller andre som er vant med app - som reiser kollektivt. Eg tenkjer spesielt på eldre og personar med lese- og skrivevanskar.

Det skulle jo bli enklare for kunden når billettluka vart stengt i Arna. Eg opplever det stikk motsette.

Det handlar om at ei billettmaskin bør bli meir brukarvenleg, slik at alle som skal ein tur til byn ikkje treng å grua seg eller klø seg i hovudet for å få ut ein billett av ei maskin.

Det skulle jo bli enklare for kunden når billettluka vart stengt i Arna. Eg opplever det stikk motsette. Og kjem vi med buss og det er berre eit par minutt til toget går, så har vi ikkje tid til å kjøpa billett. Og vi som ikkje er honnør må betala gebyr på toget om vi ikkje har kjøpt billett i forkant. Klippekort som vi kunne bruka før har vi heller ikkje tilbod om.

Eg var med ei venninna i byen og ho skulle kjøpa billett til bussen. Det var gjort på nokon få tastetrykk. Er ikkje det mulig å få til når eg skal reisa med tog frå Arna til Bergen eller andre lokale stader mellom Voss og Bergen? Eg berre spør.

Tone Hetlevik

Bygdanytt har bedt NSB om å svara på lesarbrevet. Her følgjer svaret frå NSB:

Vi forstår at det oppleves som tungvint å måtte gjøre mange valg før du får ønsket billett. Billettautomaten er utformet slik at den skal kunne selge mange ulike typer reiser og vi gjør vårt beste for å gi et godt tilbud. Samtidig er en billettautomat på stasjon mindre fleksibel enn f.eks. en mobilapp og det er mange hensyn å ta når tjenestene på automatene utformes. Dette betyr at kjøpet for noen dessverre oppleves som mer tungvint, mens andre opplever et enklere tilbud.

Vi jobber hele tiden for å gjøre alle typer salg enklere i vår app. Svært mange benytter denne og forteller oss at de er fornøyde og at det er slik de ønsker å kjøpe billetter hos oss. Appen til NSB gir også flere fordeler, som at en aktiv billett i appen gir tilgang til musikk, bøker, aviser med mer i NSBs underholdningsapp, samt at den tilbyr push-varsling til kunder som ønsker det. Det vil si at du kan få fersk informasjon om akkurat din togreise rett på din mobil. Du får også ved reisesøk informasjon om hvordan planlagte arbeider kan påvirke din reise.

Henning Lirhus, Markeds- og kommunikasjonssjef, NSB Region Vest