Osterøy lensmannskontor har det siste halve året nærast brukt all tid på å etterforska valdssaker som har skjedd innanfor nokre få heimar.

Heimen er staden der vi alle skal kunne få kvile og roa ned etter mange inntrykk på skule, jobb og barnehage. Søvn og kvile er heilt avgjerande for oss som skapningar.

Om vi lever i frykt for at vi plutseleg skal bli utsett for vald, trakassering eller andre overgrep, så får vi ikkje den naudsynte kvila. Utan kvile byrjar vi å bryte saman, vi sluttar å virke slik vi burde.

I nokre heimar har vi ikkje funne at noko er gale. Alt er som det skal vere. Eg har snakka med fleire som har vore mistenkt i straffesak og hatt ein mistanke hengande over seg utan at noko gale er gjort. Uriktig anklage er vondt å ha mot seg. Difor gjer vi det vi kan for å etterforska så effektivt og skånsamt som mogleg. Dette er eit krav vi har i lova og som er ein veldig sentral del av politiutdanninga vår.

I andre familiar har vi komme over eit fryktregime der sinneutbrudda aldri var langt vekke eller at partnaren kunne bli sjalu og nytta vald for den minste ting. Til dømes at butikkhandlinga tok tre minutt lengre enn vanleg.

Om dette er din kvardag også så ber vi om at du tek kontakt med politiet. I samarbeid med andre etatar kan vi hjelpe deg.

Valdshendingar vil komma att sjølv om den valdelege partnaren er lei seg for det som skjedde.

Forskinga peikar mot at valden berre vert grovare og aukar i omfang.

I mange land i verda er det ikkje staten si sak om nokon vært utsett for vald i heimen.

Slik er det ikkje i Noreg.

Rettsvernet for den einskilde stoggar ikkje i vindfanget eller ved dørstokken til soverommet. Rettsvernet sitt verknadsområde gjeldt også i dei tusen heimane.

Familiens hus på Osterøy, som husar dei viktigaste tenestene for born og unge utanom skulane, gjer ein kjempejobb. Dei varslar politiet når dei ser eit døme som dei er uroa over. Born som fortel at dei er utsett for vald, eller overgrep som ikkje er innanfor lova.

Etter at vi byrja eit tettare samarbeid med familiens hus på Osterøy, så ser vi at det aukar på med bekymringsmeldingar frå tilsette i det offentlege. Dette gjer at politiet får ei nærast uforsvarleg stor arbeidsmengde, men samstundes så kan dei som er utsett for vald og overgrep få sleppe å leve eit liv i konstant frykt og angst. Dei kan få kvile. Dei kan få tryggleik. Dei får eit betre liv.

Det gjev stor meining å arbeide med dette, men me må vere opne på at det er krevjande. Sjølv for oss tøffe politifolk.

Andre straffesaker som gjerne er skildra i media, som folk er opptekne av, må med andre ord liggje og bli nedprioriterte.

Me veit om born som fleire gongar har vorte utsett for vald av føresette. Dei aktuelle føresette gjer dette i den tru at ein kan banka ungane til god åtferd. Denne praksisen er ikkje innanfor lova og gjev heller ikkje ynskja effekt. Skal ein lære ungane god åtferd, så er det nok berre å syna god åtferd sjølv som er vegen å gå. Det å vere eit førebilete sjølv. Som dei seier på engelsk "Leading by example".

Alle som lever i ein familie veit at det kan vere hektiske dagar, lite søvn og rekningar som er større enn inntekta. Dette kan tære på sjølv dei mest sindige.

Om til dømes legginga av småungane går trått og ein kjenner at frustrasjonen er i ferd med å nå eit punkt der ein ikkje kjenner seg sjølv heilt igjen, så er det lov å forlata rommet og ta ein mental pause. Roe seg ned litt, før ein tek til att med legginga.

Dei fleste av oss har vore der. Det er knallhardt, men som mykje anna: Det blir betre. Det går over.

Me vonar alle får eit godt år og at vi held fram samarbeidet med å gjere Osterøy til ein betre stad å bu for alle.

Ole Kristoffer Tveiten, tenestestadleiar ved politikontoret på Osterøy.