Det skal skje mykje med skulestrukturen i Arna dei neste åra, men eg vil stilla spørsmålet om ein politisk bør gå ein runde til før ein verkeleg startar å gjennomføra planane om å utvida og rehabilitera Garnes ungdomsskule no når elevar frå Ytre Arna skal sendast dit samt om ein bør gå nye rundar knytt til vedtaket om å samla Arna vidaregåande skule under same tak i Vestlivegen på Garnes.

Kvifor skal alt skuletilbod for ungdommane i Arna fortsatt vera samla på Garnes?

Eg tenkjer at dei noverande planløysingane ikkje er framtidsretta for Arna, og eg fryktar at Arna vidaregåande skule difor kan bli nedlagt om få år.

Allereie i dag er sniknedlegginga i gang der vi ser at antal klassar på studiespesialiserande er kraftig redusert, fleire og fleire elevar søkjer seg til vgs-skular i sentrum og fleire yrkesretta studielinjer er vekke. Rett nok vert det satsa på toppidrettsliner i fotball, handball og E-sport, men ein høyrer ikkje så mykje i media om desse satsingane lenger og skuleleiinga/skulen er vel heller lite synlege i lokalpressa.

Fylkesrådmannen har så seint som i 2016 føreslått å leggja ned endå fleire utdanningsprogram i Arna, fordi det er for få søkjarar i forhold til antal plassar på Garnes. Dette vart heldigvis stoppa politisk i fjor, men kor lenge er det før fylket kjem med eit nytt nedleggingsforslag? Fleire vgs-elevar eg har snakka med peikar og på at dei synes skulen ligg  altfor usentralt til - for langt vekke frå Øyrane Torg, Arna stasjon og bussterminalen.

Garnes er ikkje lengre noko midtpunkt i Arna, Hausferja er vekke og alle butikkane i området er nedlagt. No når ungdomstrinnet i Ytre Arna skal flyttast til Arna, så er det ein gylden anledning til å tenkje nytt ved å å byggja eit stort og moderne skulesenter på Seimsmyrane. Her kan Arna ungdomsskule (på tide med nytt namn sidan ungdomstrinna på Garnes og Ytre Arna skal slåast saman) og nye Arna vidaregåande skule flytta inn som felles 8-13-skule under felles leiing.

Desse planane bør etter mitt syn hentast fram att, for eit slikt samarbeid vil kunne gje ein betre overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring i bygdebyen vår. I tillegg vil ei slik lokalisering av ein vidaregåande skule framstå som mykje meir attraktiv for framtidas vgs-elevar der ein kan marknadsføra skulen  som skulesenteret i landlege omgjevnadar med gåavstand til nye Arna stasjon, kjøpesenter og andre servicetilbod. Eg er sikker på at søkjartala hadde gått kraftig opp.

Garnes er ikkje lengre noko midtpunkt i Arna.

Skuletomtene som då vert att i Garnesvegen, Vestlivegen og på Garnesstølen kan brukast til å byggja nye og rimelege husværekompleks som Arna treng framover. Sidan ungdomstrinnet i Ytre Arna skal leggjast ned, så kan nye Ytre Arna barneskule rehabiliterast til også å bli skule for vaksenopplæring for framandspråklege. Då slepp kommunen å skyssa alle framandspråklege med buss til sentrum, og med denne løysinga må sjølvsagt  Haugland skule få bestå som den flotte nynorsksskulen den er med sine 80 elevar. Haugland skule stengjer dørene for godt om knappe 5 månadar, så her må bystyret gjera eit hastevedtak før det er for seint.

Å satsa på Seimsmyrane hadde vore vinn-vinn løysingar for alle slik eg ser det, fordi ein slepp då kaoset med å setja opp brakkeløysingar slik som planen no er når Garnes ungdomsskule i nær framtid skal rehabiliterast. Med nytt skulebygg på Seimsmyrane kan ungdommane berre flytta direkte inn i nye lokale om få år, og tenk kor flott det hadde blitt med sjølvaste Arna Idrettspark som kroppsøvingsarena til den nye storskulen.

Med ny 8-13 skule på Seimsmyrane kan ein verkeleg leggja til rette for eit solid oppvekstsenter sentralt i Arna, dette vil også føra til at fylket må satsa skikkeleg på Arna vidaregåande skule sine utdanningstilbod og kanskje ein også på sikt kan leggja til rette for både idrettshall, kulturhus og bydelsbibliotek på same staden. Med ei slik storstova kan ein verkeleg setja Arna på kartet att når det gjeld framtidsretta skuledrift. Eg begrip ikkje at AP-byrådet ikkje ser dette.

Indre Arna,

Robert M. Flatås