Send oss dine 17. mai-bilde!

Del dine bilde frå 17. mai-feiringa og ver med i konkurransen om å vinne gåvekort på 1000 kroner.

Eit lite utval av alle dei flotte bilda vi fekk inn på nasjonaldagen i fjor.

  • Siv Berg Lutro
Publisert:
  • For å sende oss bilde, kan du merke dei på Instagram med #Bygdanytt (du må ha open profil for at vi skal kunne sjå bilda).
  • Du kan også sende dei til tips@bygdanytt.no.

På denne tida i fjor tenkte eg at nasjonaldagen 2020 kom til å bli skriven inn i historiebøkene som det eine året der alt var snudd på hovudet. Det eine året der det ikkje var lov å klemme kvarandre eller gå tett i tett i tog medan vi veiva med det norske flagget.

Men så sit vi her i år igjen, med endå ei annleis 17. mai-feiring i vente.

For årets 17. mai-feiring blir ikkje slik vi er vane med. Det blir ingen store folkesamlingar, tettpakka tog eller klemmar til venner, familie og bekjente.

Men det blir likevel 17. mai, for det kan i alle fall ikkje eit virus ta frå oss.

Rundt om i Arna og på Osterøy har mange arrangørar spikra saman flotte program som tar omsyn til smittevernreglane.

Sjølv om vi ikkje kan stå samla og tett i tett, er det likevel mykje kjekt å oppleve denne dagen – heldigvis. For 17. mai må sjølvsagt markerast.

Det er mellom anna bilkortesjar, korpsmusikk, digitale sendingar og oppmoding om å synge nasjonalsongen saman, men på kvar vår kant, klokka 12.

Vi i Bygdanytt har sjølvsagt journalistar på jobb for å dekke stort og smått.

Men uansett kor flinke journalistane våre er, så klarer vi ikkje vere overalt til ei kvar tid. Derfor håpar vi at lesarane våre vil hjelpe oss med å sende inn bilde, video og tips frå 17. mai-feiringa.

I år kjem vi til å premiere ein av dei som har sendt oss bilde frå feiringa. Bygdanytt vil sjå gjennom alle bilda vi har fått til, og kåre ein vinnar som vil få eit gåvekort på 1000 kroner frå avisa.

For å sende oss bilde, kan du merke dei på Instagram med #Bygdanytt (obs, du må ha open profil for at vi skal kunne sjå bilda). Du kan også sende dei til tips@bygdanytt.no.

Sjølv om det blir nok ei annleis feiring, så håpar eg at du og dine likevel vil få ein flott dag i (forhåpentligvis) opphaldsvêr og kanskje til og med litt sol?

Første halvdel av 2021 har dessverre blitt slik store delar av 2020 har vore, men snart ser vi slutten på pandemien.

Og neste år gler eg meg til tidenes 17. mai-feiring.

Siv Berg Lutro,
nyheitsredaktør i Bygdanytt

Publisert:
  1. Synspunkt
  2. 17. mai
  3. Arna
  4. Osterøy

Mest lest akkurat nå

  1. Kun én ny person er smittet siste døgn

  2. Ungdommen fortener betre

  3. «I dette prosjektet har det meste som kan gå gale, gått gale»

  4. Tårevåt og kjensleladd avskjed for rektoren: – Det blir litt for mykje for meg

  5. Frå romantikk til «syrefest»: Her får du fire flotte turar i ditt nærområde

  6. – Hva er det som fører en person til å uttale seg så arrogant mot sine medborgere? Det var da jeg ble fortalt om konseptet «meningstyrannen»