Redaktørane Eirik Langeland Fjeld frå Strilen og Bygdanytt og Marit Kalgraf frå Vestnytt og Askøyværingen sendte meg i mai eit opent brev kor dei bad meg gjere tiltak som set operasjonssentralen i stand til fortløpande å handtere førespurnader frå pressa.

Denne månaden skreiv redaktør Fjeld eit nytt innlegg kor han spør om eg høyrer han og om eg gadd svare.

Meldinga er motteke og forstått. Det siste året har vi jobba med å finne ut korleis vi skal løyse denne utfordringa. For det er ikkje berre enkelt, trass i at eg som politimeister har god trening i å innfri stadig høgare forventningar med knappe ressursar. Men vi nærmar oss ein plan og med hjelp av redaksjonane meiner vi at den kan virka.

Redaktørane og eg er samde om situasjonen: Når større hendingar skjer, er kapasiteten på operasjonssentralen ofte for dårleg til samstundes å handtera media godt nok. Dette skuldast ikkje dei tilsette ved operasjonssentralen. Dei strekk seg lenger enn forventa kvar time av døgnet for å halde innbyggjarane trygge og tilstrekkeleg informert.

Etter samanslåinga av operasjonssentralane i Sogn og Fjordane og Hordaland i november 2017, har talet på redaksjonar som ringer oss auka kraftig. Det same har oppdragsmengda. Den nye operasjonssentralen er dimensjonert for å kommunisere med media hovudsakleg gjennom Twitter og pressemeldingar om akutte forhold. Media har også eit eige telefonnummer til operasjonssentralen.

Etter samanslåinga har vi om lag 40 lokale og regionale redaksjonar som konkurrerer med kvarandre og riksmedia. Dei konkurrerer også med 64 andre aktørar som også har prioriterte nummer til operasjonssentralen. Og ikkje minst konkurrerer media med 112-anrop og leiing av oppdrag.

Redaksjonane ringer ofte på likt. Enten etter at politiet har twittret om ei hending, eller at journalistane på same tid om morgonen ønskjer ei gjennomgang av siste døgns hendingar. Samtidsutfordringane er difor ei stor utfordring. Likevel har vi hittil i 2018 ein svarprosent på nærmare 60 prosent på medietelefonen. Samstundes handterer vi i snitt rundt 250 hendingar i døgnet.

Eg trur redaktørane vil kunne seie seg einig i at også endringar i mediekvardagen er med på å forsterke situasjonen. Journalistar må i konkurranse med andre publisere raskare og helst med unikt innhald. Politistoff og hendingsnyheiter har stor interesse. Samstundes færre journalistar som rykker ut til åstaden for å snakke med politiet og andre. Svaret er ofte å ringe operasjonsleiar.

Operasjonssentralen er i første rekke ein naudmeldings- og operasjonssentral for å løyse hendingar. Den viktigaste oppgåva er å redde liv og unngå skade på person og sikre materielle verdiar. Dette vil alltid ha førsteprioritet. Dette veit eg at redaktørane har forståing for.

Men media har også eit samfunnsoppdrag og dei er ein viktig samarbeidspartnar for politiet til å nå ut til innbyggjarane med korrekt og god informasjon. Men politiet har nokre avgrensingar. Vi kan ikkje orientere om alt og alle vi handterer.

Politiet har teieplikt og tilsette på operasjonssentralen er ikkje fritatt frå denne. Vi må også vurdera om informasjonen kan øydeleggje for aksjonar eller etterforskinga.

Vi ønskjer ikkje å eliminere media si rolle som kontrollorgan, slik Fjeld skuldar oss for. Vi kan nok opne meir opp til journalistar i ein del saker, men då vil ofte ikkje Twitter vera ein god kanal. Denne nøtta må vi knekke saman og gode forslag tas imot med takk.

Eg er einig i at politiet skal vere transparent og orientere om kva vi gjer og at media har ei viktig rolle både i å kontrollera politiet og informera innbyggjarane. Men det er eit gap mellom medienes forventningar til politiet og det politiet kan og skal levere.

Vi har ein plan for korleis vi skal bli betre og bli meir tilgjengeleg. Vi må få litt tid til å rigga oss og så må vi saman bidra til at både de og vi løyser samfunnsoppdraga.

Kaare Songstad,

politimeister,

Vest politidistrikt