I kring halvanna månad har eg no fungert som politikontakt/tenestestadsleiar på Osterøy. Fyrst vil eg takka for alle venlege helsingar og smil som har kome min veg. Tusen takk!

Det er kring 15 år sidan operative politifolk starta og slutta dagen sin på kontoret i Lonevåg. No er politiet attende med politibil, kriminalteknisk utstyr og beredskapsutstyr. Vi er klar for oppdrag.

Politiet på Osterøy skal tenkja førebyggjande i alt vi gjer av politioppgåver.

Difor prioriterer vi overgrep mot ungar. Ja, det skjer også på Osterøy.

Felles for dei som i media vert omtala som «kjenningar av politiet» har ofte berre ein fellesnemnar. Dei har hatt ein barndom prega av overgrep og utryggleik. Lite trøyst. Lite kjærleik. Som tidligare medlem i Young Guns uttala Mikael Ali fylgjande;

"Forebygging starter ved stellebordet. Barn trenger å bli anerkjent og elsket"

Eg er samd med Mikael Ali. Vi må ta innover oss at vi er flokkdyr. Ei kvar form for utestenging i form av avvisning, nedsetjande handlingar og mobbing er viktige ingrediensar for å skapa utanforskap og kriminalitet.

Difor vært eg alltid glad når eg les i Bygdanytt om idrettsarrangement, skuleturar der alle er med og born som gjer noko kjekt i lag. Alle som gjer slikt mogleg, driv med kriminalitetsførebygging. Hald fram med det! Legg vekk telefonen og sjå på ungane.

Anerkjenn dei og heia på dei. Dette er viktige ingrediensar for å skapa eit godt liv for dei.

Då eg arbeidde på patruljeseksjonen i Bergen sentrum undra eg meg over at ungar nede i 13 årsalderen kunne rusa seg så destruktivt. Det var ikkje rus for moro skuld.

Det var heller det motsette. Det var nærast som mål om å ta livet av seg.

I alder av 13 år kunne dei hata alt og alle og virka mett av dagar.

Dei hadde ikkje noko tett venskap med nokon, ingen foreldre som sette grenser eller song og las for dei ved leggjetid. Fellesskapet dei hadde var i rusmiljøet.

Barnevern og politi skjøna at borna openbart hadde vorte svikta av foresatte, men også av dei offentlege tenestene som politiet, skule og barnevernet. Desse etatane skulle vore saman om desse borna kanskje 11-12 år tidligare og vore mykje tettare på. Det skal vi vere på Osterøy.

Christoffer-saka vart ein vekkar for alle etatar som er i kontakt med born og unge. Christoffer var ein gut som mange var uroa over, men som ingen varsla om.

Han møtte tidvis på skulen med blåmerker og blåveisar. Desse merkene orsaka han med at han hadde ramla eller andre uhell. Ein dag hadde ein lærar spurt han om kvifor han hadde eit blått auge. Då svara han; "Eg trur nok du skjønner det sjølv. "

Den 02.02.05 døyde Christoffer som fylgje av den valden han blei utsett for. Att stod eit skuleverk, barnevern med fleire som til saman visste at Christoffer blei utsett for vald, men som kvar for seg ikkje visste nok og gøymde seg bak ei totalt misforstått tolking av teieplikta.

Overfor andre etatar som omgås born vil eg halde fram at vi har ei varslingsplikt framfor ei teieplikt i alvorlege saker.

Mitt ambisiøse mål med å være politikontakt på Osterøy er at ingen frå vår kommune skal ha ei oppvekst som gjer at dei seinare rusar seg halvt i hjel eller vert utsett for alvorleg vald eller andre overgrep i heimen. Dette skal stoggast før. Vi skal vere tett på.

Verkemiddelet som skal nyttast for å oppnå dette er eit veldig tett samarbeid med dei kommunale etatane som omgås born og unge. Skule, barnehagar, barnevern og helsestasjon.

Vi skal dele informasjon, råd og virkemiddel så langt som råd er. Samarbeidet med kommunen har til no vore like godt som det er viktig.

Beredskap er eit anna felt vi skal ha fokus på.

Det har gått sju år sidan 22.07.2011. Denne dagen evna ikkje politiet å redda livet til ungdommane som var på AUF sin ungdomsleir på Utøya. To av desse var ostringane Tore Eikeland og Tarald Kuven Mjelde. Dei kviler på Hamre Kyrkjegard. Det er ei påminning om at alvorlege hendingar kan komme nært oss og at vi som naudetat må kunne handla.

Politiet på Osterøy skal være ein ressurs om noko skulle skje på Osterøy og omegn.

Vi har god trening gjennom den årlege treninga og testane som er sett for operativt politi i Noreg . Vi har også sett at Osterøy brann-redning fungerer utruleg godt under krevjande forhold. Fyrstkommande måndag vil ein kunne sjå noko av den formidable innsatsen som blei gjort av brannmannskapet på Osterøy i politiserien "Blålys" på TV2. Då syner serien deler av innsatsen som var i samband med raset på Votlo der Kristine Anette Andersen omkom.

Som skildra så vil vi prioritere førebygging og etterforsking av alvorlege saker samstundes at vi skal være ein beredskapsressurs. Det betyr at vi med lite mannskap må ha ei knallhard prioritering av ressursar.

Difor har eg som føresetnad at eg får hjelp frå foreldre kring dei typiske ungdomsproblema.

Bur ungdommen under foreldra sitt tak så er det foreldra som skal bestemma reglane.

Politiet på Osterøy har ei klokkeklar forventning til foreldre og føresette at dei set grenser for ungdommane der det er naudsynt. De som er foreldre må ta ei avgjerd og tørre å være litt kjip. Mopedar som går i 50 er gjerne litt kjipe, men dei er tryggare enn dei som går i 90.

Å bli henta etter fest av foreldra kan være kjipt, men det er det tryggaste.

Kjip er trygt. Kjip er kjærleik

Osterøy er prega av at det er stort engasjement for born og unge. På tross av stor arbeidsmengde på oss på lensmannskontoret er Osterøy ein av dei tryggaste plassane ein kan bu på kloden.

Det er ikkje mi forteneste, men foreldre som steller og dullar med borna sine ved stellebordet. Lærarar som gjer ungdommen meistringskjensle og sjølvtillit.

Trenarar som skapar lagkjensle og tilhørsle. Til alle dykk; hald fram det gode arbeidet.