Lesarbrev: Eit år i teneste for Osterøy

Det er tøffe tak i blant, men det er og kjekt å kunne være her for alle dei gode folka som lever på Osterøy, skriv Ole Kristoffer Tveiten, tenestestadsleiar ved politikontoret på Osterøy.

Foto: Anders Totland

  • Ole Kristoffer Tveiten
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Les også

Få meiningane dine publisert i Bygdanytt

I desse dagar er det eit år sidan vi byrja att med polititenester på Osterøy lensmannskontor. Sidan den gong har vi arbeid iherdig med å sikre tryggleik for innbyggjarane på Osterøy. Noko er vi ikkje dimensjonert for å klara, noko kunne vi ha gjort betre og noko har vi lukkast med.

På Osterøy bur det kring 8200 sjeler. No er vi tre uniformerte tenestepersonar og ei sivil tilsett på kontoret. Det betyr at vi har ei veldig låg politidekning per innbyggjar. Truleg blant det lågaste i landet. Slik er det blitt, og mykje tyder på at det vil være sånn og i framtida. I perspektivmeldinga kan ein lesa at staten må tilpassa drifta si, slik at vi framleis har ein berekraftig velferdsmodell.

Les også

Gjesteskribent: Politiet er attende på Osterøy

I min fyrste gjesteskribent skildra eg korleis vi skulle arbeide på kontoret. Vi skulle førebyggje saman med andre kommunale etatar, lag og organisasjonar. Målsettinga vår er framleis at ingen i vår kommune skal ha ei oppvekst som gjer at dei seinare rusar seg heilt eller halvt ihel. Dei offentlege tenestene skulle bli tryggare på å varsla om straffbare forhold, framfor å gøyme seg bak ei misforstått teieplikt.
Bergens Tidene har det siste året skrive fleire sterke historier der born har blitt utsett seksuelle overgrep og vald. Desse historiene tar vi lærdom av og nyttar til å setja inn førebyggjande tiltak.

Les også

70 tilsette samla på Familiens hus – jublar over betre forhold

Vi har eit godt og tett samarbeid med Osterøy Barnevern. Vi har ei felles målsetting: Å verne born mot vald, overgrep og omsorgssvikt. Dette er det mest førebyggjande arbeidet vi kan gjere. Det er dette vi brukar nesten all tid på.

Ein god barndom varar heile livet. Dessverre varar ein dårleg barndom truleg like lenge. Born skal gleda seg til bursdagsbesøk, treningar og helger. Ikkje kvi seg til overgrep eller vald.

Det ligg føre mykje forsking som seier at born som kjenner meistring, glede og ro vil ha større mogelegheiter til å få gode liv i vaksen alder.

Så er det og slik at det kan være at det er born og unge som ikkje har det bra som vi ikkje veit om. Vi bed derfor alle vaksne være vakne og lydhøre for born som sender ut signal på at alt ikkje er som det skal være. Om nokon er i tvil om dette så er det moglegheit å kontakta politiet eller barnevernet.

Les også

På nattetokt med strile-sheriffen

Tilsette i kommunen har moglegheit til å søkje hjelp, råd og rettleiing hos konsultasjonsteamet. Der sit politiet i ei tverretatleg rådgjevingsgruppe. Målsettinga med gruppa er å gje råd til dei som lurer på om nokon dei har omsorg for er utsett for seksuelle overgrep eller vald. Me skal snart ut og gje rettleiing innan dette temaet til dei tenestene som jobbar med born og unge til dagen.

Saman med helsesjukepleiarane har vi hatt opplæring om nettvett for alle elevar på Osterøy frå 5.klasse og opp til sisteårs vidaregåande. Vi samla saman 500 foreldre som ville høyre på oss og Helsesista om dette og andre tema om å være ung i dag. Både vi i politiet, foreldre og dei unge må lære oss korleis ein på tryggast vis kan ferdast på nett.

Vi deltek også fleire gongar i månaden i gymtimane til Osterøy Vidaregåande Skule. Dette gjev oss ein unik moglegheit til å bli kjend med ungdommane i ein meir naturleg setting. Dette har gjeve oss eit godt innblikk i ungdomsmiljøet. Utifrå det vi ser i gymtimane og i straffesakene som handlar om ungdom, så vil vi sei at framtida til Osterøy ser svært lys ut. Neste generasjon er etter alle solemerke betre enn den førre. Dei som er særs uroa for ungdommen har gløymt korleis det var på 80- og 90-talet.

Vest politidistrikt har dei siste månadane fått nokre drapssaker i Bergen. Vi på Osterøy har og arbeidd i desse sakene. Det betyr at vi får kompetanse og god etterforskingserfaring, men det går sjølvsagt ut over dei sakene vi har her på kontoret. Det skal og seiast at vi får mykje hjelp frå fellesfunksjonane i politidistriktet, både i overgrepsaker og i Votlo- saka.

Les også

Vil ikkje gje Osterøy kommune støtte til sikringstiltak på Votlo

Det eg skulle ynskja at vi fekk betre til er den utryggleiken som enkelte rusavhengige skapar i bygdene. Dette kan ikkje halda fram. Vi skal saman med rus og psykiatritenesta i kommunen sjå på kva tiltak vi kan gjere for å trygga bygdene og dei rusavhengige. Opne russcener skal ikkje få feste nokon stad på Osterøy. Dei som slit med rus skal få hjelp. Tilgongen til narkotika og rus skal være låg.
Bygdene må og opna seg for dei rusavhengige slik at dei kan og vil delta i vanlege aktivitetar og at dei får kjenne må tilhørsle blant sine naboar. Politiet eller kommunen kan ikkje skape inkluderande samfunn aleine. Vi må skapa dette samfunnet saman som medmenneske og ikkje berre sjå etter organisasjonar og etatar. Her må personen i spegle tre fram og yta noko.

Det andre fenomenet vi ikkje har fått tatt før no er ein liten klan med bilførarar som ikkje har forstått alvoret og ansvaret med å ha førarretten. Desse bilførarane vil framover kjenne sanksjonsparagrafane som er i vegtrafikklova. Trafikken og vegane er ikkje ei leikegrind for fartsglade menn i tjueåra.

Les også

Politiet meiner dei har avdekt større «sladde-miljø» etter den dramatiske bilbrannen

Førarretten er eit privilegium som er gjeve av staten. Evnar ikkje føraren å ferdast innanfor dei sette krava så vil ein miste dette privilegiet. No har fleire i dette miljøet mista førarretten, og politiet vil følgje nøye med om det er fleire som ikkje har skjønt kva ansvar dei har bak rattet.

Her kan kvar bilførar få avgjere utfallet. Kjører ein pent og edrueleg så kan ein nyta fridomen og tilliten som er i å kunna ferdast på vegane.

Mykje er det som ikkje er tatt tak i, noko kunne vi ha gjort betre, men vi har gjort ein stor skilnad i livet til enkelte menneskjer det siste året. Det er vi takksame for. Det er tøffe tak i blant, men det er og kjekt å kunne være her for alle dei gode folka som lever på Osterøy.

Me ser fram til vidare samarbeid.

Publisert:
  1. Leserbrev
  2. Debatt
  3. Politiet
  4. Vest politidistrikt
  5. Osterøy

Les også

  1. Få meiningane dine publisert i Bygdanytt

Mest lest akkurat nå

  1. I oktober annonserte kjøpmannen at han var lei bransjen – dette er ostringen sin nye jobb

  2. 2020 blei så bra at dei deler ut millionar til dei tilsette

  3. To klassetrinn i karantene etter smittetilfeller

  4. «Vi kommer ikke til å godta noe annet enn at barnas beste kommer først!»

  5. «Hadde Arna, med sine drøye 14.000 innbyggere, ligget i Frankrike eller Spania, så hadde vannhullene stått i kø»

  6. Skadeverk på bil, fyllarør og uforsiktig bålbrenning