Som lokalavis for Arna og Osterøy skal Bygdanytt dekke både små og store saker. Alt frå sport til kultur, frå politikk til veg. Små notisar om UP-kontrollar til lengre reportasjar med sterke historier.

I 67 år har lokalavisa di skrive om menneska i Arna og på Osterøy, og det skal vi halde fram med i mange tiår til.

Mykje av stoffet finn me på postlister, hos politiet, på matvarebutikken og frå sosiale medium. Nokre av sakene kjem frå etterlysing, og andre kjem som tips.

Skal Bygdanytt dekke innbyggjarane sine behov og ønskjer, er vi avhengige av å høyre frå deg. Kva er du ønskjer å lese om i avisa di? Kva vil du at vi skal sette søkelyset på? Kven vil du at vi skal snakke med?

Skal vi lage ei levande og engasjerande lokalavis, er vi altså heilt avhengige av å høyre frå nettopp deg. Send oss tips, store og små, om kva du vil at vi skal skrive om. Våre lesarar er med på å forme lokalavisa like mykje som det vi journalistane er. Vi er innbyggjarane sitt talerøyr, og det er deg vi er her for.

Det er kanskje ikkje sikkert at vi kan skrive om alt du tipsar om. I ein liten redaksjon er vi nøydde til å gjere vurderingar kvar dag på kva vi rekk over. Og realiteten er at nokre gonger klarer vi dessverre ikkje å kome over alt, sjølv om vi gjer vårt beste. Men vi set gjerne på trykk lesarbrev, lesarreportasje og lesarbilete om vi dessverre ikkje skulle ha moglegheiter til å vere med på eit arrangement.

Kan du hjelpe oss litt på veg, lovar vi å gje ei hjelpande hand tilbake att. Så kan eg love at vi gjer vårt beste for å servere ei god lokalavis med varierte saker til lesarane våre.

I Bygdanytt ønskjer vi å skape eit engasjement i lokalsamfunnet, anten det handlar om mat for eldre eller om det er utvikling av bydelen. No håpar eg at du vil hjelpe oss med å skape dette engasjementet.

Har du eit tips, kan du sende oss ei melding på Facebook eller sende ein e-post til tips@bygdanytt.no. Du kan også ringe tipstelefonen på telefonnummer 94 85 37 28. Eller du ta direkte kontakt med meg.

Vi lovar å høyre på kva du har å seie.

Siv Berg Lutro,

nyheitsleiar i Bygdanytt