Debattinnlegg kan vera korte eller lange, men ikkje lengre enn 3000 teikn inkludert mellomrom.

Oppgi fullt namn, tittel/stilling, adresse og telefonnummer. Vi tar ikkje med kontaktinformasjon i publiseringa av innlegget, men det kan vera relevant å ta med i signaturen kva rolle du har i samband med det du skriv om.

Vi ønskjer også at du legg ved eit bilde av deg sjølv, men det er ikkje eit absolutt krav.

Bygdanytt har rett og plikt til å redigera innsendt materiale.

Bygdanytt prioriterer innlegg av skribentar frå Arna og Osterøy og innlegg som handlar om tema som er aktuelle i vårt nedslagsfelt. Unntaksvis tar vi inn innlegg frå regionale og nasjonale aktørar.

Omtal andre med respekt, også dei du er usamd med.

Det hender at vi sender teksten tilbake og ber om omarbeiding eller nedkorting. Innlegg kan bli publisert i papiravis og på bygdanytt.no. Nokre debattinnlegg blir også delt på sosiale medium som Facebook og Twitter.

Nokre skrivetips:

  • Skriv så lett og engasjerande du kan, men ver presis.

  • Føreslå ein kort tilttel og ingress som gjer lesaren nysgjerrig og som tar opp i seg det du skriv om. Men husk at også tittel og ingress kan bli redigert.

  • Kan du aktualisera innlegget ditt ved å visa til ei nyleg eller viktig hending?Bruk gjerne konkrete eksempel i teksten.

  • Vend deg gjerne til ein person, etat eller institusjon, slik at dei kjenner seg forplikta til å svara deg.

  • Ikkje bruk fagterminologi eller framandord som går folk flest hus forbi. Klarar du å spissa hovudbodskapen din i ei god avslutning?