For meg er 17. mai folketog, godt humør, korpsmusikk og masse folk. Som oftast har eg tatt turen til Bergen sentrum i finstasen, sett på toget, veiva med flagget og vore saman med venner frå tidleg på dag til seint på kveld.

Kontrasten mellom fjorårets og årets markering, er enorm.

I år blir nasjonaldagen feira i eigen heim utan storbesøk. Framfor å synge «Ja, vi elsker dette landet» saman med kjente og ukjente, vil vi i år begge to stå på altanen klokka 13 for å synge saman med naboane - som står på sine altanar.

I år blir det ikkje kjempelange tog, store folkemengde og mange klemmar. Det blir ikkje dei tradisjonelle barnetoga, og færre får ta del i flaggheising og kransenedlegging. Vi står ikkje som sild i tønne på bussen eller toget, ei heller i lange køar for å sikre oss is, pils eller pølse med brød.

I år må vi halde oss til smittevernreglane. Derfor får maks 20 personar delta i private arrangement, og maks 50 deltakarar på skular og andre fellesareal som blir tatt i bruk til mindre arrangement.

Det er ikkje 17. mai utan flott korpsmusikk. Heldigvis får korpsa framleis spele, sjølv om dei også må halde seg til smittevernreglar. To meter avstand i lengda, og ein meter skulder til skulder.

17. mai blir for meg og deg ein heilt annleis dag. Forhåpentlegvis blir det likevel ein fin dag, sjølv om han blir spesiell.

I år blir det dessverre ikkje lange tog på nasjonaldagen. Bildet er frå fjorårets 17. mai på Osterøy. Foto: Anders Totland

Vi i Bygdanytt skal sjølvsagt vere ute og dokumentere dagen frå Arna og Osterøy. Du vil framleis få bildeserier og saker frå nasjonaldagen. Men, vi kan dessverre ikkje kome heim til kvar einaste Bygdanytt-lesar for å ta bilde.

Kvart år har vi fått mange flotte bilde frå Bygdanytt-lesarane sine 17. mai-feiringar. I år er vi nok desto meir avhengige av å få hjelp frå lesarane til å dokumentere denne spesielle nasjonaldagen.

Eg håpar derfor at du vil hjelpe oss. Korleis feirer du nasjonaldagen? Send bilda til bn@bygdanytt.no eller merk dei med #Bygdanytt på Instagram.

Ha ei flott og trygg 17. mai-feiring!