Det er mykje teknologien ikkje kan gjere for oss menneskjer. Kompleksiteten i den menneskelege hjernen har vist seg å vere vanskeleg å etterlikne og overgå.

Men teknologien er fantastisk, og klarer vi menneskjer å nytte han klokt ser framtida lys ut. Og kanskje kan ny teknologi gjere at vi kan får gjort meir enn før - altså ikkje at menneskjene vert erstatta, men at teknologien kjem i tillegg?

Kan til dømes ein liten redaksjon i ei lokalavis nytte eit automatisert dataprogram til å skrive enkle saker for seg? Saker som det elles ikkje hadde vore tid til å skrive?

Kva om vi kunne få ein skrivande robot til - kvar dag - å logge seg inn i offentlege register, hente ut data om dei siste bustadsala i eit gitt geografisk område for så å skrive sak om kvart enkelt bustadsal sett inn i ein historisk og statistisk samanheng?

Det er faktisk mogleg. Sei «hei» til Bygdanytt sin boligrobot!

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør. Foto: Odd Mehus

Seks dagar i veka vil roboten framover sjekke om det er registrert nye bustadsal i Arna og Osterøy, og så skrive om dei sala han finn.

Du finn sakene frå roboten på adressa bygdanytt.no/nyheiter/boligsalg. Etter kvart vil nokre av sakene òg dukke opp på forsida av bygdanytt.no.

Eg må streke under at desse sakene kjem i tillegg til dei sakene dei dyktige Bygdanytt-journalistane skriv. Robot-sakene kjem altså i tillegg til, ikkje i staden for, saker frå menneskje med hjarte for Arna og Osterøy.

Framover vil du òg finne eit klikkbart kart på bygdanytt.no der du kan orientere deg i alle frie sal av bustader i Arna og Osterøy siste 60 dagar. Kartet vert oppdatert kvar dag.

Har du tips frå Arna eller Osterøy til Bygdanytt-redaksjonen om bustadmarknaden eller bustadpolitikk, eller om arkitektur og interiør? Send oss eit ord på tips@bygdanytt.no. Har du bilete, set vi pris på det!

Når vi først er inne på nyvinningar for Bygdanytt-abonnentar:

På bygdanytt.no finn du no seks ferske oppgåver sju dagar i veka, 52 veker i året. Her er det kryssord, sudoku og ordjakt. Kryssord og sudoku finn du i ulike vanskegradar.

Eg vonar du finn nytte og glede i ein eller fleire av dei nye tenestene som no er tilgjengeleg for abonnentane våre!

Beste helsing Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør