Kampen om milliardane til samferdsle er knallhard. Kampen om å få ordskiftet til å handle om sitt distrikt, og sitt prosjekt, er endå hardare.

Det er ikkje lett å nå fram med bodskapen om at ny E16 og togbane mellom Arna og Voss er eit spørsmål om liv og død, om miljø og om utvikling av den viktige Vestlandsregionen.

200? 300? 400? Kor mange fremmøtte var det under E16-aksjonen i Indre Arna på søndag? Var det mange som vart hindra av kø, og kom seint? Var det litt få framfor scena, medan mange sto under tak langs eine sida av kjøpesenteret?

Debatten om storleiken på aksjonen har gått i sosiale medium dei siste dagane.

Eg veit ikkje kor mange som var der. Eg trur 200 er eit bra overslag. Kanskje nokre fleire mot slutten av markeringa.

Det er klart er at det var alt for få som dukka opp. Faktisk var det oppsiktsvekkande dårleg frammøte. Det er ikkje rart at, mellom andre, aksjonsleiar Laila Himle er skuffa.

På Facebook, i ei gruppe med 43.000 medlemmer, skriv ho:

«Jeg har lovet og ikke gi meg, og det kommer jeg heller ikke til å gjøre, men ettersom dere viser så pass liten interesse, trenger jeg og alle som ønsker ny veg mange flere som vil hjelpe til, om vi skal klare denne jobben videre.»

Jo fleire som møter opp, jo meir trøkk blir det i krava som vert stilt. Men i 2017 er det fleire arenaer å nytte til å seie frå på enn nokon gong før.

Det er nok óg ein av grunnane til at aksjonen utløyste eit hav av pressedekning og eit ukjent tusental oppdateringar i sosiale medium. Etter dagar og veker med frustrasjonar bak tastatur og smarttelefon vart aksjonen i Indre Arna eit slags førebels punktum, og står som eit håp om å endeleg verte høyrt.

Aksjonen var ein stor suksess, av di den fekk lokale politikarar opp i rett, og av di den vart høyrt heilt til Oslo. Til og med austlandsfokuserte Dagsrevyen måtte avsjå nokre sekund til aksjonen, med bilete av saktekøyrande tungtransport mellom Romslo og Takvam.

Engasjementet var stort på p-plassen utanfor Øyrane torg i Arna. Foto: Mads René Trellevik

Bygdanytt sende live video av heile arrangementet ved Øyrane torg. På dei første 45 timane hadde videoen 15.000 visningar på Facebook! Det var kanskje ikkje så mange på plassen ved kjøpesenteret, men bodskapen nådde langt!

Hugs at kampen for K5 er kampen om dei store pengane. På denne arenaen bles det motvind frå alle kantar. Dei største kjempane er på banen.

Stå på, hald ut. I Vaksdal, på Stanghelle, på Voss, på Romslo.

Saka er viktigare, og engasjementet større, enn talet på personar på ein p-plass i Arna ein vindfull og våt ettermiddag i mars tyder på.

Vi treng trykket nedanifrå. K5-alternativet vert ikke verkeleg etter initiativ frå ovan.

Så takk til Laila Himle, og takk til resten av aksjonskomitéen (Anne Lise Leiren Mastervik, Sveinung Riber, Stig Tore Anthun, Knut Amundsen og Henning Søvik)!

Innsatsen dykkar er livsviktig.

Eirik Langeland Fjeld, redaktør, Bygdanytt