Bergen er inne i ei tid der det skjer ein revolusjon når det gjeld skinnegåande transport.

I 2010 opna Bybanen-strekninga mellom Byparken og Nesttun. Bygginga av bane mellom Nonneseterkvartalet og Fyllingsdalen er i full gang. Bybane til Åsane er vedteke.

Arna har lenge hatt sitt lokaltog i to retningar - til byn, og til Voss. I 2014 gjekk første salva på anlegget som skal verte ny togtunnell gjennom Ulriken. Dermed vil Arna, og Bergensbanen, få dobbeltspor gjennom kongen av dei sju fjella.

Vi gler oss! Det er mykje godt å seie om dobbeltsporet, men viktigst for arnabygda og omlandet er at dette vert vår bybane. Den nye, 7,8 kilometer lange tunnelen vil opne for hyppigare avgangar og høgare hastighet på toga.

Vi snakkar om eit stort prosjekt, og etter kvart som tunnelboremaskinen Ulrikke har gnaga seg gjennom fjellet har budsjetta fått bein å gå på. Strekket Arna - Fløen kjem truleg til å koste nær 5 millardar kroner.

Eirik Langeland Fjeld er redaktør i Bygdanytt. Foto: Mads René Trellevik

I tillegg kjem kostnaden for strekket fra Fløen og inn på jernbanestasjonen i sentrum. Og dette er eit komplisert strekk.

Området Fløen - Jernbanestasjonen er fullt av bygg, vegar, togskinner, næringsbygg og bolighus. For å nevne noko.

(Det er ikkje usannsynleg at vi ser 7-talet på prislappen for prosjektet Arna - Jernbanestasjonen totalt. Og, ja, vi snakkar milliardar.)

For å komplisere biletet skal Bybanen mellom Nonneseterkvartalet og Fyllingsdalen gå via nettopp Fløen. Her er det trangt, spesielt i anleggsperioden for Nonneseter - Fyllingsdalen og Jernbanestasjonen - Arna, som vi står midt opp i no.

Samstundes skal den gamle godsterminalen på Nygårdstangen rustas opp, etter at regjeringa ikkje klarte å bestemme seg for kor den nye godsterminalen for bergensområdet skal liggje.

Politikarane har bestemt at der det vert konflikt mellom den nye jernbanen og det nye bybanesporet, skal Bybanen har prioritet.

Dette er bakgrunnen for saka i Bygdanytt denne veka om at dobbeltsporet ikkje kjem til å stå klart før 2024.

Eg er den første til å ta hatten av meg for Bybanen og dei nye strekka i dette historiske løftet i kollektivtilbodet i hovudstaden på Vestlandet - men det svir at Arna-bybanen skal måtte vente for at fyllingsdølene skal få sin bane først.

Det er mogleg dette er ei klok prioritering melllom bybane og jernbane. Eg veit ikkje. Det eg veit er at vi kjem til å følgje med som haukar på fremdrifta til det nye dobbeltsporet, som har så mykje å seie for livet aust for Ulriken og for byutviklinga i Bergen.

Om dobbeltsporet óg er viktig for nasjonen, fylket, regionen, transportsektoren, næringslivet. turistnæringa og miljøet?

Don’t get me started, som dei seier det på andre sida av dammen.

Eirik Langeland Fjeld, redaktør, Bygdanytt