Mai er ein buffet av raude dagar. Dei kjem på rekke og rad: 1. mai, Kristi himmelfartsdag, 17. mai og pinse.

Legg til ei handfull laurdagar og sundagar, og du får årets kanskje mest ineffektive månad i norsk arbeidsliv.

Her skal arbeidarar, kristne, konge og fedreland ha sitt, og resultatet vert ein månad så oppstykka at det er til å få fnatt av.

I tillegg til dei raude dagane kjem alle dei inneklemte dagane. Dette er dei dagane som kjem mellom ein raud dag og ein ordinær helg. Då tar vi oss langhelg (ja, eg har sjølv gjort det), og arbeidsveka er knapt starta før ho er over.

A: – Kan vi ta eit møte neste torsdag?

B: – Nei, hehe, då er det jo 17. mai.

A: – Hehe. Kva med fredagen, då?

B: – Nei, då er eg på Filefjell. Vi reiser onsdagen og kjem attende sundagen.

A: - OK. Så kjekt. Det er deg vel unt! Men då tar vi møtet over helga. Korleis ser måndagen din ut?

B: Hehe, du tenkjer på andre pinsedag?

A: - Ja, nettopp... Og tysdag reiser eg på kurs i Oslo. Lat oss sjå på juni!

B: - Eg har tideleg ferie i år. Reiser måndag 4. juni.

A: Ja, det kan jo vere at vi kan vente til hausten med det prosjektet vårt...

Eg overdriv litt, men denne dialogen er nesten reell.

Mai er ein vakker månad. Her vest får vi som oftast det meste av sumaren vår i mai. I juni byrjar sumarregnbyga.

Eg unner oss kvar einaste fridag.

Men, please, kan vi snakke saman og finne ein annan måte å stable desse dagane på?

Mitt forslag: Fire dagar fri til alle frå 1. mai, pluss fri 17. mai.

Vedteke?