Det er ikkje lett å finne ei veg- og togbanestrekning som i så stor grad treng modernisering som Arna-Voss.

Lista med argument for at det såkalla K5 alternativet må byggast snarast råd er, er lang. Særs lang.

No er det ikkje unikt med særs lange lister med gode argument for nye vegar både her og der rundt om i det langstrakte, kuperte og kronglete landet vårt.

Det er nok av stader der dei hadde spretta mozellflaska og funne fram kake om dei hadde fått ein veg med E16 Arna-Voss-standard.

Det som gjer Arna-Voss so spesiell er at strekninga er so farleg sett i samanheng med kor mykje - og tung - trafikk det er på ho. Både vegen og banen er utsett for ras, og bilvegen er i tillegg ulukkesbelasta.

Aksjonistane som står fremst i kampen for realisering av det sokalla K5-alternativet, fortel igjen og igjen at dei siste 17 åra har det gått 338 skred og skjedd 30 dødsulukker på strekninga.

Det er jo berre heilt openbert at K5 må på plass i den mest forpliktande delen av Nasjonal transportplan, er det ikkje? Dette handlar om liv og helse - kva er det vi ventar på eigentleg? Her er det so farleg å ferdast at menneskeliv nesten direkte kan reknast om i pengar, og då er det vel ikkje noko å nøle etter med bygginga?

Slik er spørsmåla fra aksjonistane og mange av oss andre her aust for Ulriken.

For tre veker sidan var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i Grieghallen på Aust-Vest-konferansen 2017. Her fikk politikarar frå dei ulike partia god tid til å forklare kva dei meiner i K5-saka. Óg aksjonistane var på scena og dei fortalde gripande om korleis det er å ferdast på strekninga, om nestenulukker og om dødsulukker.

Kva er det ministeren ikkje har forstått? Korleis kan vi få han til å forstå?

Men ministeren har forstått. Han er berre ikkje einig.

Tilbake til Grieghallen: Etter aksjonistane var det minsteren sin tur. Han fekk snakke i tre kvarter, og gjorde ein framifrå jobb. Etter mi meining slo han til med ein opplysande og avklarande tale. Einig eller ueinig i innhaldet - ministeren gikk rett på sak. Eg har aldri høyrt han betre.

Heilt i innleiinga sa han det som aksjonistane - og ein del av oss andre i salen - ikkje ville høyre. Han avviste at E16 er so farleg som vi hevdar.

Ja visst er E16 farleg, men det er mange farlege vegar i Noreg, poengterte ministeren.

– Eg har sjølv mista vener i trafikken. Eg veit utmerka godt korleis det er å miste folk ein er glad i, sa Solvik-Olsen, og akkurat då var det dødsstille i salen.

* Samleside: Siste nytt om E16 og Vossebanen

Og han fortsette:

– Eg er på minnemarkeringar over heile landet, og det riv i hjartet alle stader det skjer. Dette møtet vi har her i dag, sånne møte har eg óg vore på på Austlandet og i Nord-Noreg.

– Det er mange stader vi mister folk. Vi skal prøve å fikse opp i flest mogleg, eg klarar ikkje å fikse alle på ein gong. Men det er heilt riktig - det har døydd for mange på E16, sa Solvik-Olsen.

Eg kan ikkje tolke dette på nokon anna måte enn at ministeren av heile sitt hjarte meiner at det hastar med å få på plass ny veg og bane mellom Arna og Voss, men at det i eit nasjonalt perspektiv ikkje er det som hastar mest.

Einig eller ueinig - det er i alle fall greitt å vite. Utan politisk vilje vert det ikkje K5-oppstart så tidleg som mange av oss håpar på.