I politilova §13, andre ledd står det fylgjande:

«Politiet kan også ta hånd om barn som påtreffes under omstendigheter som klart innebærer en alvorlig risiko for barnas helse eller utvikling, og i så tilfelle umiddelbart sørge for at barna blir brakt til verge eller annen foresatt eller om nødvendig til barnevernsmyndighetene.»

Slike plassar har vi særs få av på Osterøy. I Vest Politidistrikt har vi ein del, særleg i rusmiljøet i Bergen.

Dei siste åra har det derimot dukka opp ei heilt ny verd. Internett, sosiale medium og det mørke nettet. Dette er ei stor verd. Det rullar få politipatruljar der. Få foreldre veit om at ungane sine kan ferdast på internett aleine, samstundes som ungane er på rommet sitt heime og speler dataspel eller sit på telefonen. Borna vandrar difor i stor grad aleine.

Internett har gjeve oss utrulege mogelegheiter. Ein kan dele alt som er fint i verda. God musikk, utrulege prestasjonar og gode idear. Den som kanskje før var einsam, kan gjennom internett finne venner som deler same interesser.

Internett har løysningar som verda etterkvart har vorte heilt avhengig av. Dette kjem ikkje til å stogga. Difor er det viktig å la borna vere på internett og lære seg korleis det samfunnet fungerer. Dagens generasjon kjem til å nytta seg av internett resten av livet.

Borna må få møte kvarandre der og ha det kjekt saman, også på internett. Så bør foreldra vurdere kor mykje borna bør sitta der og ikkje bli for inaktiv. Internett er i utgangspunktet ikkje farleg, men ein må være bevisst på at det finnes element der som ikkje er innanfor lova. Akkurat som samfunnet elles.

I dei mørkaste internettgatene luskar det, i stor grad menn, som ynskjer å pressa til seg bilete og videoar der borna utfører seksuelle handlingar. Dei sel narkotika og deler vidare bilete av ungar som blir utsett for grove overgrep, desse bileta blir også delt over heile verda. Heile verda.

I straffesaker som har vore i Vest politidistrikt har vi sett at borna har delt slike bilete medan foreldra er i same rom. Heilt uvitande om det som skjer med sitt born. Med den nye teknologien kan ein med andre ord vere i to ulike verder, trygt og godt heime, samstundes som ein kan møte overgriparar via telefonskjermen sin. Ei jente på Valestrand kan enkelt prate med ein overgripar på andre sida av kloden.

Ein overgripar framstår sjølvsagt aldri som ein overgrepar.

«Han» framstår som ei flott jente eller gut. Dei kan møtast gjennom sosiale medium og gjennom spel. Overgriparane kan lokka med bilete av andre born eller lover å betala for bilete som han får. Deretter pressar han offeret sitt vidare med å publisere allereie mottatte bilete på sosiale medium om han ikkje får nye og grovare bilete eller videoar.

Dette fenomenet kallar vi sexturtion. Seksuell utpressing. Dette skal straffast og er ei sak for politiet. Kom til oss om de kjenner til ei slik sak.

Eg vil oppmoda foreldre og føresette om å sette seg inn i tips og rettleiing kring nettvett på Kripos og Røde kors sine sider, på nettopp internett.

Me har planar om å besøkja alle ungdomskule og vidaregåande skular på Osterøy og snakka om nettvett tidleg på nyåret. Fram til dess ynskjer eg at de ferdast trygt i denne verda og på internett.