Bli med meg på jobben min: Sjå for deg at du eig eit avlangt hus. I eine enden av huset er det brann. Kvar time går to meter av huset ditt opp i røyk.

I andre enden av huset står du og bygger på. Du bygger som ein helt, og kvar time klarer du å utvide huset ditt med éin meter.

Kake og jubelbrus?

Ja, du har heilt klart grunn til vere nøgd med eigen innsats. Det er godt jobba.

Så kjem naboen forbi. Han peikar ivrig og skrekkslagen på brannen...

Dette er eit bilete på det som no skjer i pressa. Annonseinntektene går ned. Dette er brannen i mediebransjen. Inntektene frå abonnement går opp, men inntektene frå abonnement er ikkje i nærleiken av å vege opp for dei tapte annonseinntektene.

Kva som har skjedd med annonsekronene? Jo, dei forsvinn i all hovudsak til to amerikanske gigantar; Facebook og Google.

Denne veka kom det halvårstal for opplaget til norske aviser.

Mange norske aviser opplever no vekst i talet abonnentar. Det er talet på digitale abonnentar som har skote fart. Denne utviklinga hever vi glaset for.

Digitalveksten gjer at det er von i hengande snøre for avisene. Det gjer at biletet av det brennande huset blir meir nyansert.

Påbygginga er i full gang, og samstundes er brannvesenet komme til staden. Vi opplever no at nokre annonsørar vender tilbake til avisene, etter å ha hatt eit sidesprang med ein amerikanar eller to eit par år.

Ferske opplagstal viser at Bygdanytt no har eit opplag på 4861. Forrige måling var for eit halvt år sidan, og då var opplagstalet 4359.

Oppgangen til Bygdanytt er fantastisk! Så vidt eg har klart å finne ut har Bygdanytt aldri hatt høgare opplagstal enn no!

Samstundes er vi nøkterne, og veit at vi har store utfordringer framfor oss.

Korleis skal Bygdanytt overleve, og vere ei uunverleg avis for dei på Osterøy og i Arna som vil halde seg orienterte, og for dei som vil debattere, påverke og annonsere?

Dette tenkjer eg mykje på.

Oppskrifta mi er enkel å skrive ned, men svært krevjande å gjennomføre: vi skal vere lokale, vi skal vere digitale - og så lenge lesarar og annonsørar vil, skal vi lage god papiravis.

Bygdanytt skal vere verdas beste kjelde til nyheiter om og for Arna og Osterøy. Det er min ambisjon. Verken meir eller mindre.

Til slutt - det viktigaste:

I dag vil eg takke lesarane og annonsørane våre som er heilt avgjerande for at Arna og Osterøy skal ha si eiga lokalavis. Tusen, tusen takk!