26.januar 2019 sovna Olav Nergård inn ved Osterøytunet i ein alder av 95 år.

Olav Nergård levde heilt framme i norsk historie.

Han blei født i Bardu i 1923. Her vaks han opp saman med seks sysken og måtte gjere det som måtte til av arbeid på heimegarden. Nergård var knytt til heimplassen sin, ved at han reiste der mykje i pensjonisttida, og i gravfedra fekk me høyra ein nydeleg versjon av låta Nordlandsnetter.

«Ta nordlandsnetter i favn, om du kan, som det vakreste du øyner i verden»

Under krigen reiste Nergård til Sverige og byrja på rikspolitiet si politiutdanning der. Då han var i mål med politiutdanninga, var Noreg frigjort. Politiet som etat var splitta mellom landsvikarar, NS-medlemmar og dei som var lojale til kongehuset.

Nergård deltok då eit halvår i utrykningspolitiet si avdeling i Oslo. Dette var politiet si operative eliteavdeling den gongen. I landsvikoppgjeret mellom 1945-1948 blei 30 personar henretta, 7 av desse var tilsette i politiet. Andre vart straffa med mildare reaksjonar.

Olav Nergård i uniform. Foto: Privat

Det må ha vore tøft for ein 26 år gamal mann å byrje i ein oppriven politietat som skulle syte for at landsvikoppgjeret gjekk rett føre seg, same kva arbeidsoppgåver ein hadde i samband med denne rettsprosessen.

I åra etter jobba Nergård på ymse lensmannskontor i kongeriket, først ved Honningsvåg politistasjon i Nordkapp kommune, der han møtte si kjære Anne Serine. Dei fekk tre born og var saman dei fylgjande 65 åra til døden skilde dei, slik dei lova kvarandre under vigselen i 1954.

Nergård slo rot i Osterøy og byrja på lensmannskontoret i 1967 som lensmannsbetjent. Etter 8 år blei han lensmann og vart i denne stillinga til han gjekk av med pensjon i 1991. Tilsaman blei dette 46 års arbeid for lov og orden i kongeriket Noreg.

Dei tilsette ved kontoret i denne perioden har skildra Nergård som ein varm og god leiar med omsut for sine tilsette. I dag ville ein gjerne skildra det som verdibasert leiing. Han brydde seg om sine tilsette og ostringane som var råka av tunge hendingar, til dømes trafikkulykker, drukningar og sjukdom. Han delte sorga med dei.

Ein ekte nærpoliti.

Nergård hadde engasjement utover politirolla. Han var mellom anna aktiv i heradstyre og styret i Vestlandsbanken. I kraft av desse verva har han bidrege til utvikling av osterøysamfunnet.

Av alle viktige funksjonar Nergård hadde i livet var den viktigaste det å være ein familiemann. Ein far, ektemann, bestefar og oldefar. For oss som var i gravfylgjet var det openbert at Nergård og var raus, god og deltok i ungane sine univers. Det var ikkje tvil om at han var ein viktig del av deira liv.

På vegne av politiet vil me lysa fred over lensmann og heidersmann Olav Nergård sitt minne.

Ole Kristoffer Tveiten

Politioverbetjent

Osterøy lensmanskontor