For rundt sju år sidan satt eg i leiligheten min på Valestrand, og vart vitne til at ambulansen køyrde feil då dei var på utrykking.

Folk deler namn, folk kan bu slik at det er krunglete å forklara, og spesielt i ein stressa situasjon som det gjerne er når ein er nøydd til å tilkalla naudetatane, er det litt lettare å kunne sei eit hus- og gatenummer heller enn å måtte detaljforklara vegen.

Eg skreiv ein liten notis i avisa den gongen, og det kom fram at planen var at 2016 skulle væra det store året då også Osterøy skulle få seg vegnamn og husnummer.

Eg har nokre år budd utafor kommunen, og flytta hit att no i sommar. Til Kårvik.

Eg undra meg då me skulle på visning, og fekk forklart vegen på fargen på huset heller enn eit nummer. Då me så spurte, kom det fram at grunnen for at det i dag i 2018, to år etter dette skulle vore på plass, framleis må forklara farge på hus, er «uenigheit på kva vegen skal heita».

Då vert eg litt matt.

Folk vil alltid væra ueinige, ha meiningar, men på eitt tidspunkt må forbod sigra, og nokon må berre trumfa gjennom eit namn slik at dette kjem på plass. Eg har fått høyre at dette ikkje gjeld berre Kårvik, men at det er fleire plasser som endå heng etter.

Eg kjenner jo at dersom eg vert nøydd å ringa for eksempel ambulanse, og er oppkava og redd, er det siste eg ynskjer å måtte kasta vekk verdifull tid på å fortelje kvar eg bur.

«Er du kjent rundtom her? Ikkje det? Nei, ok. Då køyer du til rundkjøringa, så til venstre, følg vegen til du får to store tre på høgre side, og der tar du til venstre. Køyr forbi den store steinen, opp den vesle bakken, høgre venstre, venstre, og der er du, i det blå huset bak det raude med kvite karmar». Unødvendig komplisert og tidkrevjande.

Sånne ting bør sigra over kva vegen skal heita, og iallfall no når det er drøye to år på overtid. Om det heiter "Kårvikvegen", "Kårvikavegen", "Kårvikji" eller berre "Kårvik" er meg likegyldig, så lenge dette kjem på plass, og eg kan ikkje forstå at folks meiningar og ueinigheit skal få lov å stå i vegen for denne utviklinga. Nokon må berre setja seg ned og bestemma namn, punktum.

Eg vil ikkje ha ei gjentaking av episoden på Valestrand, sekund og minutt har enormt mykje å seie plutselig, og då bør ikkje noko så tåpelig som flisespikkeri rundt namneval på nokon måte stå i vegen.

Adelheid Links.