I leiarartikkel 6. juni ber redaktør Eirik Langeland Fjeld Osterøy Venstre om å snakke med Bergen Venstre om kommunesamanslåing.

Dei to lokallaga i Venstre har sjølvsagt snakka saman i lengre tid både om dette og andre saker, og har eit godt samarbeid både direkte og under paraplyen Hordaland Venstre.

Venstre er positive til både kommune- og regionreform fordi vi ønsker å utnytta fellesskapet sine ressursar betre og meir effektivt.

Ein av grunnane er at vi ønsker å flytta styringa av offentlege tenester vekk frå interkommunale selskap og rett inn under folkevald kontroll.

Då må desse tenestene ligga i kommunar som er store nok til å ha solide og gode fagmiljø å drive desse tenestene med. Bergen er allereie stor nok til å ha slike fagmiljø, men vil likevel ha glede og nytte av å inkludera Osterøy sine gode kommunale fagfolk.

Dette vil bidra til meir effektiv, robust og økonomisk drift av skule, barnehage og eldreomsorg, og ei betre økonomisk forvaltning av ressursane våre. Bergen har også lågare sats på eigedomsskatt enn det Osterøy har i dag.

Osterøy har eit fantastisk lokalt engasjement innan kultur og idrett, og ei imponerande drivkraft i bygdene. Dette engasjementet må leva og blomstra også i framtida og me trur dette også vil komme Bergen til gode, mellom anna i eit godt samarbeid i ein ny bydel med Arna.

Bergen Venstre har vore tydelege på at me treng å styrke lokaldemokratiet. Dersom Osterøy vel å bli del av ein ny bydel aust for Ulriken, vil dei demokratiske tradisjonane og erfaringane frå det lokalpolitiske arbeidet på Osterøy vere av stor verdi for planlegging og oppstart av eit bydelsstyre.

Det er rett, som har vore sagt i debatten på Osterøy, at Arna ikkje har hatt ei god nok utvikling. Det skjer mykje innan samferdsle dei komande åra som bør forandre situasjonen.

Både dobbeltspor gjennom Ulriken og ringveg aust vil kunne bidra til å gjere området aust for Ulriken til eit naturleg knutepunkt og eit naturleg utviklingssentrum for næring og turisme om ein stor, samla bydel av Arna og Osterøy står saman om å få til dette.

Ein slik bydel vil vere stor nok og folkerik nok til å verkeleg gjere sine ønsker og behov gjeldande i storkommunen.

Me håpar Osterøy tar mogelegheita og ynskjer dykk hjarteleg velkomne inn i Bergen kommune om de vel dette.

Lesarbrevet er skrive av Heine Johansen (politisk nestleiar Bergen Venstre) og Idun Bortne (gruppeleiar i Bergen Bystyre for Venstre).