Eg følgde Bygdanytt si overføring frå kommunestyret sitt møte i går. Der fekk eg også høyra Ottar Vist sitt foredrag om pleie-og omsorgssektoren i Osterøy kommune. Eg vart lei meg på vegne av pasientar og pleiarar i etaten. Pasientane på Osterøy får heldigvis god pleie, å sei noko anna er etter mi meining feil fokus.

Alle menneske treng å oppleva meistring, det er viktig for sjølvkjensla. Når meistring vert omtala i eldreomsorg kan ein av og til få inntrykk av at brukarane si eiga meistring skal vera med på å letta arbeidsmengda på sjukeheimen eller i omsorgsbustadar. Det er å snu omgrepet på hovudet. Meistring er eit mål, og for å nå det målet trengs det ofte tiltak frå hjelpetenesta.

Einsemd er ei stor utfordring i all eldreomsorg og ikkje minst i heimetenesta. Einsemd forsterkar all vanhelse. Dei som treng mykje hjelp er også svært sårbare for einsemd og depresjon.

Den innleigde konsulenten peikar på generelle ting i utgreiinga si. Han fortel at pasientane på Osterøy får for mykje omsorg, noko som er provoserande. (Sikkert meint å skulla provosera.) Eksempla han kom med er ikkje eigna til å synleggjera kva han faktisk meiner. Slik eg forstår det, er problemet at Osterøy brukar for mange institusjonsplassar. Det kan vera heilt rett, men så lenge det ikkje er noko alternativ må ein bruka institusjon.

Konsulenten meiner at Osterøy treng omsorgsbustader som liknar på ein institusjon, men er organisert etter same prinsipp som heimetenesta. Det er logisk at det blir billigare for kommunen. Det vil fungera for mange, viss ein berre har fasilitetar som er bygd for, og eigna for dette formålet. Det er kostnader med å byggja desse som vil koma i tillegg til at ein må drifta sjukeheimen som før. Pasientane blir ikkje borte.

Dei omsorgsbustadane helselaga disponerer er ikkje eigna til den type omsorg han meiner. Osterøy har eit lite bufellesskap med heildøgnstilbod, og det er ein fløy av sjukeheimen. Til og med dette er ueigna til demente og svært omsorgskrevjande pasientar. T.d. er bueiningane lagt langs to lange korridorar (2 ets.), med knekk på, slik at personalet frå sitt kontor i 1. og frå kjøkkenet i  2. ets., ser om lag halve korridoren. Dei har altså ingen kontroll med kva som skjer bak «knekken» utan at dei faktisk går og ser etter.

Arkitekturen er slik at det gjev bebuarane mykje privatliv, men det er lite oversikteleg for dei som arbeider der, og det gjev ikkje nok tryggleik for dei som treng å sjå folk. Det blir også for mange einingar/bebuarar på eit fellesareal. Tilbodet er godt eigna for pasientar som har høg grad av eigenmeistring.

Les flere leserbrev her!

At pasientane på Osterøy får for mykje hjelp er provoserande å høyra, eg kjenner ikkje alle tilfelle, men har relativt lang erfaring med helsevesenet her. Om mi mor på post 6 bretta tøy, eit arbeid ho sette stor pris på, trur eg ikkje det letta arbeidet på hjelpepleiarane i  særleg grad. Det å aktivisera pasientane er noko som blir gjort, noko som ligg i profesjonane og det fordrar arbeid, det frigjer ikkje. Å t.d. tru at ein dement pasient kan ta seg av eit måltid åleine, om han har vore aldri så mykje kjøkkensjef av yrke, er banalt, naivt og provoserande å høyra.

På Osterøy er Haldorvika eit glitrande døme på at frivillige gjer ein stor innsats, det vart ikkje nemnd med eit ord som døme på det som fungerer. Eg går ut frå at det tilbodet ikkje vert rekna som eit for godt tilbod til demente.

Eg vart provosert. Å sei at tilbodet er for godt, er eigna til å gje heile debatten feil fokus. Konsulenten peika på noko kommunen har visst og diskutert mange gonger. Omsorgstun er ikkje noko nytt, men det kostar pengar å byggja opp, og det er vel her det største problemet ligg.