Helse- og omsorgstenestene i Osterøy kommune står på startstreken for eit større omstillingsarbeid.

Eg vil med dette prøve å gi eit bilete av bakgrunnen for dei grepa vi no gjer, og som tilsette i dette innlegget stiller spørsmål ved.

Det er slik at helse- og omsorgstenestene dei siste åra ikkje har klart å drifte innan dei rammer heradsstyret har tildelt. Dei økonomiske rammene for kommunen er tronge, og helse- og omsorg har ved sitt meirforbruk gjort at heradsstyret ikkje har fått prioritere dei oppgåvene dei har ønska, og andre kommunale tenester har måtte drifte for mindre ressursar enn det behovet skulle tilseie.

Dersom vi skal fortsette å gi tenester som i dag, vil vi om få år ikkje ha ressursar nok i kommunen til å yte lovpålagde og heilt nødvendige tenester til dei som har krav på desse.

Staten tildeler rammer etter ein såkalla behovsprofil, og innbyggjarane i Osterøy kommune har ikkje behov som skulle tilseie at helse- og omsorgstenestene brukar så mykje ressursar som vi gjer i dag.

Kommunebarometeret viser heller ikkje at den auka ressursbruken gjer at tenestene våre er betre enn i dei kommunane som brukar mindre.

For 2018 har vi difor blitt tildelt ei ramme som er rundt 10 millionar lågare enn vi hadde i 2017. I og med at det vi held på med er å fysisk utføre tenester for innbyggjarane, er det løn som utgjer mesteparten av våre budsjett, over 80%.

I budsjettet har heradsstyret vedteke at vi skal prioritere tidleg innsats, førebygging og optimalisering av drift. Dette har vi lagt til grunn i prioriteringane for kvar vi må ta ned drifta.

Det er spesielt innan tenester til dei under 67 år at forbruket vårt er monaleg høgare enn kommunar vi kan samanlikne oss med, difor har vi og måtte gjere innsparingar i bu- og avlastingstenestene våre.

Her, som i dei andre tenestene, er det å løne færre årsverk enn i fjor, einaste måten å gjere dette på. Det positive med utfordringa vi har fått, er at det utfrå kor mykje ressursar andre kommunar nyttar til sine tenester, skal vere mogleg å drifte tenestene i Osterøy rimelegare – og med like bra eller betre kvalitet – enn i dag.

Det er lagt ned eit stort arbeid i å sjå på korleis vi kan drifte annleis og samstundes ivareta brukarane på best mogleg måte. BuA er prega av mange små stillingsprosentar, og brukarane våre må forholde seg til mange personar. I tillegg gjer små stillingar det vanskeleg å rekruttere høgskulekompetanse inn i tenestene, og tenesta har difor fleire ufaglærte enn helse, omsorg og sosial elles.

Eg er heilt samd med dei tilsette i at denne brukargruppa er ei av dei mest sårbare vi yter tenester til, og meiner dei har like stort krav på kompetente tenester som andre brukargrupper.

Det er imidlertid ulike syn på kva som er best for brukar. Kjennskap og relasjon til hjelpar er viktig, men endå viktigare er det at vi klarar å bygge stabile system rundt våre brukarar, som verkar kvar dag, kveld, natt og helg, i feriar og høgtider, og når fast personale er sjuke eller på kurs eller i permisjon.

Fagleg kunnskap gir forståelse og innsikt i kva tiltak som kan bidra til at den enkelte brukar kan leve best mogleg med sine utfordringar. Skal vi klare å bygge tenester som ivaretar dette, og som har fokus på å bistå brukar på vegen mot mest mogleg meistring og sjølvstende, så er kompetanse avgjerande.

Det er ikkje nok at vi har ein vernepleiar tilgjengeleg i nabobygget av og til, vi må ha både vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar tett på brukar, som saman arbeider mot felles mål.

Med færre årsverk i tenesta, er det avgjerande at vi ikkje mister kompetanse vi har tilgjengeleg. Vi har – i samråd med arbeidstakarorganisasjonane – vedteke kriteria for kven som skal prioriterast i ei nedbemanning.

Høgskule blir prioritert føre fagarbeidarar, som igjen blir prioritert føre assistentar. Dei med lang ansiennitet blir prioriteret før dei med kortare. Vi søkjer å spreie kompetanse betre ut i tenesta, då denne har vore noko skeivt fordelt. Det betyr at vi må flytte på tilsette, utfrå kva vi har behov for i dei ulike avdelingane av kompetanse og stillingsbrøkar.

Dette er prinsipp som organisasjonane opplever som rettvise for sine medlemmer, samstundes som det faglege aspektet blir ivaretatt.

Vi har fleire assistentar som i dag held på med fagbrev, og vi ser at dette vil kome tenestene til gode i framtida. Dei grepa vi må gjere i 2018 kan diverre ikkje vente til alle desse er på plass.

Vi må til ei kvar tid sikre at vi har økonomisk handlingsrom til å prioritere gode og forsvarlege tenester til dei av innbyggjarane som treng dette.

Osterøy kommune tar og i dette arbeidet på største alvor oppfordringa om å tenkje langsiktig, både med omsyn til økonomi og fagleg forsvarlegheit.