Først må eg seie takk for at du har engasjerert deg i lokalpolitikken gjennom mange år, i tre ulike parti. Det er krevjande å være lokalpolitikar, men det byr òg på store gleder. Lokalpolitikk på sitt beste er når ein kjenner at ein får vere med å bidra med idear og løysingar til beste for dei som bur i kommunen. Eg har som du skriv sjølv vore lokalpolitikar så dette har eg kjent på.

Så til saken her:

I utgangspunktet er eit listesamarbeid mellom ulike parti ein utbreidd praksis både kommunalt og i fylkespolitikken. Gjennom mange år som aktiv politikar har eg knapt opplevd at det har bydd på vanskar, men når det gjeld samarbeidet mellom Ap og FrP på Osterøy har det skjedd ting som er heilt annleis enn det eg har sett i nokon samanheng tidlegare.

Ein kan sjølvsagt stusse over  at FrP og Ap som ideologisk og på programmet står langt frå kvarandre har eit tett og godt samarbeid om budsjettet, men det er ikkje noko stort poeng for meg.  Politikkens vegar er uransakelege.

Reaksjonen min var i utgangspunktet ein kommentar på Facebook, og som Bygdanytt snappa opp. Den var retta mot arbeidsforma i kommunalteknisk utval der Ap og Frp har to representantar kvar.

Ved to høve har saker i dette utvalet vorte avgjort ved at representantar frå Ap har blitt kjent ugilde, og ved at vararepresentanten til Ap ikkje har møtt. Dette har gitt Frp fritt spelerom til å endre vedtaka i strid med den faglege tilrådinga frå administrasjonen, og i strid med kva det partimessige fleirtalet i kommunen meiner.

Første gong det skjedde omfatta saken i Mjeldalen der det òg vanka politi-meldingar. Støynivået var då så høgt at Frank Aarebrot gjekk ut med ei kraftsalve om at Osterøy gjorde seg til latter for heile Noreg.

Andre gongen vi  hadde ein parallell situasjon var no i samband med utskillingssaken på Askeland.

Eg veit at ting ikkje alltid blir som ein har tenkt, og ein brølar kan ein sjå bort frå, men når ein får fleire slike hendingar kan ein sjå eit mønster.

Mønsteret som teiknar seg kan fort lesast som mangel på lik handsaming. Dette blir avhengig av om ein klarar å få kjent Ap sine representantar ugilde eller ikkje, og avhengig av kva parti som stiller med vara og kven som ikkje gjer det.

Om ikkje Ap og Frp klarer å rydde opp i dette seg imellom vil eg foreslå at ein heller legg ned heile utvalet,  og overfører oppgåvene direkte til formannskapet eller eit anna utval. Ifølgje kommunelova er det fullt mogleg å gjere dette kva tid som helst.

Tom Sverre Tomren, Fylkestingsrepresentant KrF