Onsdag i førre veke var det heradstyremøte. Det var ei forholdsvis enkel sakliste, og for ein gongs skuld varte møtet berre litt over to timar. Mykje takka vere ordførar var det ein fordrageleg tone gjennom heile møtet med glimt i auget frå fleire på talarstolen.

Møtet synte status for Osterøy Frp etter fleire utspel det siste året: Vedtaka i møtet var anten samrøystes eller Frp mot alle dei andre. Det var tydeleg at manglande respekt i Frp for vanlege køyrereglar har ført til at dei andre partia no seier stopp. Eg vil setja ord på litt om bakgrunnen for dette.

- På eit nyleg møte i planutvalet vart leiar for administrasjonen truga av Frp-representant med å bli meldt til politiet, over bordet i møtet. Når ein tenesteperson utfører jobben slik ein pliktar, er det ugreitt å bli møtt med trugsmål frå ein politikar. Trugsmål og skuldingar mot kommunale tenestepersonar som skal "takast", høyrer ingen stad heime, og minst frå politikarar i heradstyret som er arbeidsgjevar.

Jørgen Varden (Ap). Foto: Siv K. Berg

- Ved fleire høve har administrativ leiar måtta stå skulerett for ein som er inne i sin første periode i heradstyret. Kor klokt dette er kan det ikkje vera så mange meiningar om.

- Grunnlause skuldingar og personangrep frå Frp mot andre politikarar.

- Protokolltilføring nytta som misnøyeyttring mot møteleiing eller anna for å markere i prokollen at Frp har sin eigen forståing av korleis ting skal gjerast. Etter heradstyret sine eigne retningsliner skal protokolltilføring nyttast til grunngjeving eller tilleggsopplysning knytta til sak.

- 40 gonger på talarstolen for ein representant i eitt og same møte er i meste laget.

I førre heradstyremøtet var det nyval av plan- og kommunalteknisk utval. Heile heradstyret sto bak, med unntak av Frp. Frå å kunna manøvrera seg fram til å ha fleirtal åleine, står Frp att med ein av sju representantar og svekka varapersonliste.

Partiet er tydeleg åleine om å ikkje forstå at det finst ei grense for korleis ein kan oppføre seg utan at det vil få konsekvensar.

Kort sagt: Politisk ukultur som vi har sett det siste året må vekk.

Alle har vi sterke og svake sider og dagar. Måten ein opptrer på er avgjerande for gjensidig respekt som folkestyre er avhengig av for å fungere. Folkevalde må finna seg i at det er normer for framferd og som kjenneteiknar nedervd tradisjon for eit godtfungerande lokaldemokrati.

Nominasjon står føre. Alle i heradstyret pliktar å gjera sitt til at demokratiet står sterkt framover, og at folk får lyst til å gå inn og gjera ein innsats. Denne forpliktinga kan ikkje Frp fri seg frå. Kvar og ein av dei seks representantane har eit medansvar for å justera seg og partiet på plass i forhold til vanleg god folkestyreskikk.

Jørgen Varden (Ap)