Foto: Erlend Aas

Det har gått om lag 180 ras og skred på E16 Bergen-Voss sidan år 2000. Det er ingen tvil om at rasa på E16 er livsfarleg - og at me har hatt flaks til no. Då NRK kåra E16 Bergen-Voss til Noregs verste veg, uttalte Laila Himle seg om den store rasfaren som berre blir verre og verre. Frykta er når det neste, store raset vil kome. “Og kva skjer då? For det er berre eit spørsmål om når. Vil me då ha englane med oss, også denne gongen?”, sa ho til Bygdanytt.

Dessverre kan ein ikkje trylle. Ein kan ikkje berre seie at no skal det koma ny veg - og så er den på plass i morgon. Det tek tid å byggje veg. Og i dette tilfelle - svært lang tid.

Medan me ventar på ein ny og tryggare europaveg, går liv tapt. I 2017 mista tre menneske livet på vegen mellom Arna og Voss. Tal frå Statens vegvesen viser at det har vore 153 ulukker med personskader på strekninga frå 2007 til slutten av februar 2017.

Jamleg kjem det åtvaringar, videoar og meldingar på Facebook om skumle forbikøyringar, uvettig køyring og skremmande nesten-hendingar. Og det er farleg. Ikkje berre for dei som har hastverk og har eit skremmande køyremønster, men også for alle andre som køyrer lovlydig og skikkeleg.

Siv K. Berg er journalist i Bygdanytt. Foto: Mads René Trellevik

Så kva skal gjerast? For det er klart at slik kan det ikkje vere.

Har du fått med deg desse sakene?

Først og fremst er det trafikantane som må skjerpe seg. Køyrer du langt under fartsgrensa, er det god grunn til å tru at du irriterar dei som ligg bak, noko som kan føre til at dei tek sjansar for å kome fortare fram. Tykkjer ein det er ubehageleg å køyre den fartsgrensa som er på staden, er ein nøydde til å stoppe så snart som råd og sleppe bilar forbi.

Samtidig så kan ein ikkje sette andre sine liv i fare fordi ein tykkjer bilen framfor køyrer for seint eller fordi ein sjølv har for dårleg tid. Ein kan ikkje sette seg i førarsetet om ein har blitt fråteke lappen av politiet, og ein skal i alle fall ikkje sette seg i førarsetet om ein er påverka av alkohol eller rus.

Takka vere auka bemanning hos UP i fjor sommar, mista 172 bilistar på Vestlandet førarkortet sitt på to månadar. 2952 råkøyrarar blei tatt og 81 ruskøyrarar blei stoppa. Innsatsen til UP var formidabel. Samtidig viser alle varskua på Facebook at det er eit behov for endå meir synleg politi og kontrollar på E16, også utanom sommarferien.

Politiet si innsats er heilt avgjerande for å få kontroll på situasjonen. Politiet er nøydde til å stå klar, slik at sjåførane kjenner at det er for stor sjanse til å miste førarkortet om ein køyrer som ein tulling. Noko må skje med E16 medan vi ventar på ny veg.