Når eg les tilsvaret frå dykk på lesarinnlegget mitt til Ap er de noko uklart kva de vil kommunisere.

På den eine sida angrip de meg for å ikkje forstå saka, og på den andre sida stadfester de alt som eg har peike på og er endatil einige i konklusjonen min. Dette var noko forvirrande.

I innlegget skyv de òg fokus bort frå saken med å blande inn at eg har vore prest i kommunen vår, og at eg sikkert har ein skjult agenda for å ta opp dette knytt til nominasjon for KrF. Tull og tøys frå ende til annan. Eg har ytra meg fordi eg bur her, og faktisk er engasjert i det som skjer lokalt.

Les lesarbreva om saka:

Denne måten å argumentere på gir ikkje meining, og tener ikkje til noko anna enn å få fokuset bort frå det vi drøftar. Mulig det er det som er målet, ikkje veit eg?

Det gledelege med innlegget er likevel er at også dei i Frp er einige i at noko må gjerast.

Utvalet fungerer ikkje godt slik det er no, og nokon må ta grep.