Viktig melding til alle sambygdingar:

Er det nokon som har pengar til låns? Me treng pengar for å kjøpe tilbake frå fellesskapet alt det me tidlegare har bidratt med til fellesskapet. Dersom fellesskapet  (kommunen) ikkje no får betalt for noko dei allereie har fått, blir verdiane ikkje lengre felles.

NB: Meldinga over er kun meint for å illustrere eit paradoks. Hjellvikbygda må kjøpe attende alle investeringar ved å betale for den verdien som mange har vore med på å skapa.

Til dei folkevalde

Har de sett dykk inn i historia til denne eigedomen de no vil selje på Hjellvik? Når de seier at de har ein etisk forpliktelse til å selja denne eigedomen til høgast mogeleg pris til fellesskapet sitt beste, har eg ingen problem med å forstå akkurat dette. Eg forstår at de har etiske forpliktelsar med omsyn til kommunekassa. Men når det gjeld slike spesielle saker, bør de kanskje opne opp for at det her også må vurderast kva som allment vert oppfatta som rett og gale når ein kjenner til alle fakta?

Solveig Hjellvik Berisha har skrive dette lesarbrevet om Hjellvik Montessoriskule. Foto: Privat

Eg forstår at de vil forankra avgjerdene  dykkar i skriftlege etiske retningslinjer. De refererer til den etiske forpliktelsen de har til å ivareta kommunen si interesse. Men det er noko eg undrar litt på; Kven er kommunen? Er det einstydande med kommunekassa? Eller er det også musikklaga? Idrettslaga? Pensjonistforeiningane? Bygdefellesskapa i andre ulike former? Er kommunen det som me har som er felles og opent for kommunen sine innbyggjarar i form av kulturelle, sosiale og sportslege tilbod?

Det trudde eg. Og dersom det gjeld desse, gjeld det kun dei som samlast sentralt? Eller gjeld det også oss som framleis melder oss inn og engasjerer oss i mindre bygdelag? Kva då med omsynet til alle som har bidratt til akkurat dette og til skulebygga som også har vorte brukt til grendahus kringom i bygdene?

Eg har no lyst til å fortelje mi historie som kanskje kan vere til ettertanke. Historia er verd å lese, og les ho med eit ope sinn.

1915:

Ho heiter Brita. Ho er ei staut kvinne som styrer Hjellvikgarden aleine etter at husbonden har reist til Amerika. Ho har tre born. Livet er hardt.  Eitt år tidlegare har skulehuset på Hjellvik brunne ned. Bygdeskulen  har fått innkvartering i huset hennar. Dei bruker nystova.  Læraren underviser dei ulike trinna på ulike dagar. I heradstyret i Hamre kommune har det vore diskutert kvar ein ny skule no skal byggjast. Dei har vorte samde om ein tomt på garden til Brita. Dei vil gje ho 200 kroner for tomta. Brita er ikkje nøgd med prisen for tomta. Det er god slåttemark. Ho vel å svare kommunen at dersom dei ikkje hadde råd til å betala for tomta, så har ho råd til å avstå frå bruken av den så lenge kommunen bruker tomta til skulebygg for bygdeborna. Slik gjekk det til at tomta aldri vart korkje seld  eller oreigna.

Brita tenkjer at ho bidreg til bygda og skuleborna sitt beste.

1963:

Brita sin son, Ivar, er no 62 år gamal. Han har skral helse. Ein dag knakkar det på døra og ein representant frå kommunen ber om å få snakke med han. Representanten formidlar sitt ærend og legg fram for han at dei treng tomt til lærarbustad. Ivar vert fortald at dersom han ikkje sel denne tomta til kommunen, står bygdeskulen i fare for å verte lagt ned. Ivar vil nødig avstå frå meir gardsgrunn, men han vil heller ikkje vere skuld i at skulen vert lagt ned. Han går med på selje tomta.

Ivar tenkjer at han bidreg til bygda og skuleborna sitt beste.

1970:

Representanten kjem på døra igjen. Han fortel at kommunen ynskjer å kjøpa eit kringliggande område til skulebygget. Dei treng området til gymsal for borna. Ivar går med på dette. Gymsal må sjølvsagt borna ha. Dessutan vil gymsalen kunne brukast til bygdemøter og andre tilstellingar i bygda. Det som skjer samtidig med dette, er at rådmannen no oppdagar at tomta der skulen er bygd, ikkje er skild frå i 1915. Det fins altså ingen papir på at kommunen eig noko som helst anna enn lærarbustaden på Hjellvik i 1970. Rådmannen bestemmer difor at tomta der skulebygget til no har stått i 60 år, skal takast med i det nye skøytet og frådelast til kommunen.  Denne frådelinga vert aldri diskutert med Ivar. I 1973 vert forslag til skylddeling sendt til Ivar der begge tomtene er nemnde, men han vert berre tilbydd kompensasjon for tomta som ligg kringom skulebygget.  Ivar er usikker på om alt som står i brevet er rett. Er det rett at kommunen skal overta 1100 kvm utan at han skal få betaling for det? Helsa er endå skralare no. Han vert straks 70 år. I 1974 kjem det purrebrev frå kommunen. Dersom han ikkje skriv under på papira no, står han i fare for å ikkje få betaling i heile tatt for nokon av tomtene. Ivar skriv på papira.

Ivar tenkjer at han heilt sikkert bidrar til bygda og skuleborna sitt beste.

2013:

Han heiter Johannes. Ivar sin son. Han har arbeidd på garden sidan han var 12 år gamal då faren vart for sjuk til å arbeide sjølv.  Han sjølv er no 66.  Skuleklokka har ringt til friminutt og skuleslutt over garden alle kvardagar i alle år. Men dette året slutta ho å ringje. Politikarane har lagt ned skulen. Barneborna må  ta bussen til Hauge og til Lonevåg skule. Han undrar på kva som skjedde med orda til bestemora. «Dei får ha tomta så lenge den vert brukt til skuledrift.»

Vert bidraga no til bygda og skuleborna sitt beste?

2016:

Han heiter Ivar Ole. Far Johannes driv framleis garden. Han sjølv kjemper for at bidraga frå bestefar og oldemor ikkje skal verte til fånyttes. Han kjemper for at bygda og skuleborna skal få att skulen sin.  Han bidrar med utallege dugnadstimar for at skulebygget skal verte godkjent til skuledrift. Meir enn det. Han bidrar, med alle han kan få med, til at skulen skal verte funksjonell både for skuleborn, men også som grendahus for dei mange laga i bygda. Musikklaget treng øvingslokale, Idrettsskulen treng gymsal. Pensjonistforeininga treng samlingsstaden sin. I fellesskap med andre i foreininga for Hjellvik Nærmiljøskule, og dei andre laga i bygda, vert det strekt ut ei hand til privatpersonar i bygda.

 -Me treng pengar for å få på plass ventilasjonsanlegg. Me treng lån for å pussa opp toalettanlegga. Er det nokon som kan hjelpe til så me får på plass nytt tak? Kan nokon låne oss pengar slik at me får på plass nye golv i bygget? Bidragsytarar tar pant i husa sine og skyt pengar inn på kontoen til nærmiljøskulen.

Dei tenkjer alle at dei bidrar til bygda og skuleborna sitt beste.

2018:

Ivar Ole sit framleis i skulen sitt styre. Foreininga heiter no Hjellvik Montessoriskule. Det er kun bygdefolk som sit og i framtida skal sitje i styret som driv skulen. Dei samarbeider tett med Grendatinget om skulebygget, sidan bygget også er eit grendahus. Heradstyret vedtar at Hjellvik Montessoriskule kan få kjøpe skulebygget og tomta den står på. Taksten speglar bygget sin verdi etter tusenvis av dugnadstimar  og investeringar frå bygda.  Fleirtalet av politikarane meiner at ikkje noko av verdiauka som bygda har stått for skal trekkjast frå prisen for eigendomen.  Prisen vert difor 3,5 millionar.

 Ivar Ole, og mange sambygdingar, tenkjer at prisen for alle bidraga vart høg.

Til ettertanke:

Familien det her er tale om er berre nokre få av svært mange personar som har investert både tid og pengar i skulebygget over lang tid.

Me har alle trudd at me bidrog til bygda sitt beste.

Prisen for alle bidrag vart høg.