Kjære politikarar på Osterøy!

Nasjonalt, og lokalt, skjer det eit opprør mot den låge bemanninga i barnehagane. Opprøret handlar ikkje om dei tilsette i barnehagane eller kvaliteten på arbeidet dei gjer, men at det ikkje er nok tilsette.

I budsjettet for Osterøy Kommune 2019 er det foreslått å kutte i vikarbruk ved korttidsfråvær i barnehagane. Det vil seie at om tilsette i barnehagane blir sjuke eller skal på kurs, utdanning o.l, skal det ikkje bli sett inn vikar.

Som foreldre protesterer me sterkt mot dette forslaget, og ønskjer gjennom dette lesarinnlegget å setje fokus på det viktige arbeidet som blir gjort i barnehagane og dei alvorlege konsekvensane av låg bemanning.

Tone Mjelde , Jenny Ann Burkeland og Kristina Stokken. Foto: Privat

“Alle” born går i barnehage

I dag går 85 prosent av borna på Osterøy i barnehagen, og det er dermed ein unik stad for å førebygge ulike vanskar. Gjennom tidleg innsats til alle borna kan me gjere at færre born får vanskar på skulen eller seinare i livet.

Økonom og nobelprisvinnar J. Heckman si forsking viser at tidleg investering i born sine oppvekstvilkår er det som har mest samfunnsøkonomisk gevinst. Kommunen får mest igjen for kvar krone om politikarane investerer i dei minste borna.

Det er altså meir lønnsamt å førebyggje i barnehagen enn å førebyggje eller reparere seinare.

Ein vanleg dag i barnehagen

Sjå for deg at barnet, barnebarnet eller oldebarnet ditt går i ein barnehage der han eller ho skal dele ein vaksen med fem jamgamle, store delar av dagen.

Korleis blir det i praksis når to av dei må ha ny bleie, to er i konflikt, eitt born treng trøyst og eitt born har spesielle behov, og dermed treng tettare oppfølging? Hadde du klart det?

Kva om du i tillegg har mistanke om at eitt av borna er utsett for vald i heimen, og at eit anna born ikkje kan det norske språket endå. Korleis skal du følgje opp det i tillegg?

Om me snur på det kan du prøve å førestille deg at du er eitt av desse borna. Korleis hadde det vore å vere deg då?

Barnehagen som oppbevaringsstad

Me veit at hjernen si utvikling er på sitt mest eksplosive dei første åra av livet, og at tidlege erfaringar er med på å leggje grunnlaget for vidare utvikling.

Skal ein byggje eit hus kan det få store konsekvensar om grunnarbeid og grunnmur ikkje er kvalitetshandtverk. Då kan huset sjå stort og flott ut, men når stormen treff vil det ikkje tole påkjenninga.

Slik er det med menneske også. Me må styrke borna, og gje dei det dei treng for å kunne handtere stormane som kjem i løpet av livet. Med låg bemanning er me uroa for at barnehagane blir ein oppbevaringsstad heller enn ein stad for utvikling og læring. Me er uroa for at dei tilsette ikkje har høve til å arbeide for tidleg innsats, som er eitt av Osterøy kommune sine satsingsområde.

Allereie pressa tilsette

Me er òg uroa for kva forslaget om å kutte i vikarbudsjettet vil seie for dei allereie pressa tilsette, og kva som skjer når sjukdom rammar personalet. Dette vil føre til eit usunt stress, og gje eit dårlegare grunnlag for å gjere ein god jobb.

Me ser òg for oss at kutt i vikarbudsjettet vil gjere det vanskelegare for dei tilsette å delta på kurs og vidareutdanning, og at det igjen vil hemme utviklinga av kvalitet og fagkunnskap i barnehagane.

Barn er særleg sårbare, og kan ikkje tale si sak, derfor må me vaksne gjere det for dei.

Kjære politikarar: La barnehagane setje inn vikarar både ved korttidsfråvær og langtidsfråvær. Det er bra for borna og for heile Osterøysamfunnet.

Jenny Ann Burkeland (Mor og Familieterapeut), Kristina Stokken (Mor og Psykolog) og Tone Mjelde (Mor og Barnevernspedagog)