Eg har alltid hatt respekt for deg, og sett opp til deg som politikar. Du har svært lang fartstid i politikken og i tillegg lang og brei erfaring frå administrativt arbeid i fleire kommunar. Difor har eg og du stått side om side med partia våre i ryggen gjennom dei tre siste budsjetta for kommunen. Me jobba også saman i Valestrandsplanen og fekk justert opp byggehøgder ved sida av butikken, og utnyttingsgrad i fleire område.

Men me har og vore ueinige i mange saker gjennom perioden. Det skal me vere som representantar for to nokså ulike parti. Til dømes skulesaka på Hamre og Hjellvik. Og frå sist heradstyremøte, om avfallstransporten for BIR skulle ut på anbod eller ikkje. I denne saka var det alle mot Frp. De stemte for rådmannen sitt forslag, me stemte for å lyse dette ut på anbod slik som før.

Du skriv eit innlegg med ein undertone som er så ufin at eg er svært overraska. Eg skal svært gjerne diskutere politikk og sak med deg når du er klar for det. Men dette innlegget er såpass langt borte frå sak og politikk at det er vanskeleg å svare på. Det var kanskje meininga når du skreiv det?

Du freistar å stemple politiske kollegaer med eit avviksstempel fordi dei er usamde med fleirtalet. Om alle var samde med rådmannen slik som du og fleirtalet i førre møte, var det då vits å ha politikarar? Me i Frp er vald inn for å representere folket i alle saker, og det kjem me til å fortsetje med. Med tanke på ein nominasjonsprosess snart, bør me alle vere opne for politisk usemje, men likevel ha respekt for kvarandre som politikarar.

Når det gjeldt val av medlemmer til utval har dei ikkje vore samrøystes denne perioden. Men du og eg har fleire gonger vunne fleirtal med vår liste. Til dømes sist val til planutvalet var det 14 mot 13 stemmer, der me stemte saman. Og formannskapet var 19 mot 8. Då røysta du og eg ulikt.

Eg har alltid tenkt at du set deg godt inn i ei sak før du uttaler deg. Men når det gjeldt hendinga i planutvalet ser eg at du ikkje veit noko som helst om kva som er bakgrunn for saka. Du viser til at administrasjonen skal «takast». Diverre ser me stundom at det vert gjort forsøk på å «ta» politikarar også. Og det kan ha skjedd her. Difor vart det sagt i møte at «det vert vurdert anmelding».

Kommunen har ikkje levert ut alle papir i saka endå, sjølv om dokumentasjon er etterlyst. Men, saka er svært, svært alvorleg.

Dette skal korkje du eller eg sitje stille og sjå på. Difor er det svært trist at ein så røynd politikar som deg nyttar høvet til å få dette til å framstå som ein hersketeknikk ovanfor administrasjonen utan at du kjenner saka. Når nominasjonen no står for døra, må me være varsame med kva me seier til, og om kvarandre. Me kan vere ueinig i sak, men me skal ikkje ha stygge taklingar av politiske motstandarar.

Osterøy Frp,

Alf Terje Mortensen