Det er ikkje som det var før - det er no heilt sikkert. Osterøy sitt særpreg er liksom ikkje noko verdt lenger.

No skal det vere nytt og moderne og glatt og kvitt og helst importert.

Før likte ostringen å humpa av gårde på traktoren sin, upåverka av verda og av veghol djupe som avgrunnar.

No skal det vera bulkefri asfalt så teslaen kan duva bortover vegen utan å få skrape under på forskjermen, medan siste nytt frå bergensbølgjen strøymer fra høgtalarane.

Ostringar har no byrja å leggja seg til eit levesett som før berre var vanleg hjå friksjonsredde, fisefine og sjølvopptatte byfolk.

No skal det vera bemanningsnorm, utslippsgrenser, synergieffektar og langhelg (seks dagar) i New York med den næraste familien.

Det skal vera caffè latte, maldonsalt og vin frå midtste eller øvste hylle på Vinmonopolet (som ligg midt i eigen kommune).

Jada. Slik har det vorte. Og kongepokal skal dei ha. Og stå utanfor butikken og feira som om Osterøy var denne kloden sitt midtpunkt. Med live-sending på Facebook som alle som vil kan sjå.

Dei er ikkje smålåtne, nei. The Sky Is The Limit med fornøyelsespark og velkomen til all verdas turistar.

Dei verste eksempla skal ein kunne finna nær brua og ferja.

Tett på brufeste er det høyrt tale om «broen», og ved ferjeleiet eit stykke nordvestover snakka nokon om å ta «båten over til Åsane».

Nei, eg har aldri sett på maken. Held dette fram kan det enda med bergenske tilstandar på Osterøy.