Turstien til Nonåsfjellet er blitt ei tørrskodd oppleving. Jobben vart gjort for nokre veker sidan, og det har blitt mykje ros med smil frå turgåarar om utbetring av 17 våte strekningar på stien.

Grunneigarar Harry Nonås og Eirin Bysheim var svært velvillige og hjelpte til.

Naboar ved startområdet sytte for oppmåling og bestilling av materialar, for det meste finansiert av Lonevåg Helselag. Bergan Bygg kappa etter mål, pakka høvelege bører, sto for transport til Nonås og tok del i finansieringa.

Elevane frå Osterøy ungdomsskule merka nok tyngda og heldt godt varmen innover forbi masta med i alt 385 løpemeter bord som skulle berast på skuldrene fram til rett stad. Jobben med skrumaskin for å få kloppene i hop sto Roger Breivik og Kåre Brekke for.

Og det stoppar ikkje der. Tiltakshavarane er stilt i utsikt praktisk og finansiell hjelp til realisering av dei to neste byggjestega, klopper i Åsedalen og i stien frå Nonåsfjellet til Nonås.

Ei kraftig oppgradering av dei mest brukte stiane i nærområdet til Lonevåg!

Ros til alle som stiller opp for nærområdet sitt!

Lonevåg, 01.10.2018

Med helsing

Jørgen Varden