Eg var på gudsteneste i kyrkja sundag. Det var barnedåp. Fleire av gjestane i barnedåpen var kledde i vakre tradisjonsrike bunader. Ei av dei bunadskledde kvinnene bar våpen i beltet.

Eg undrar meg på; fryktar ho for dåpsbarnet sin tryggleik? Eller var det nokon ho ville til livs?

Foto: Snorre Bang Utaker

Det var offring ved akkurat denne sundagen. Eg tok risikoen og blanda meg med forsamlingen. Då eg passerte bakom altertavla i halvmyrkret, kika eg meg over skuldra og tok nokre lange raske steg.

Eg tenkte på det Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i songen «Ja, vi elsker»; «Kvinnen selv stod opp og strede som de vare menn».

Tradisjonen seier at kvinnene bar ikkje våpen, og i kyrkja sette mennene frå seg våpena i våpenhuset.