Den 6. september skulle byrådet i Bergen stemme over om dei skal legge ned 3 av dei 8 Nav-kontora i byen.

I praksis betyr dette at folk står i fare for å miste sine lokale velferdskontor, og blant anna vil dei som bur i Arna måtte reise heilt til Åsane.

Dette er eit feilsteg vidare i ei utvikling der effektivisering av systemet settast framfor individa det er meint å tene.

Under førre Nav-reform i 2015 var det økonomane og ikkje sosionomane som fekk det siste ordet: målet var effektivisering og innsparing, noko som har ført til enda meir byråkrati for dei som søkjer hjelp hos Nav.

Dei som nyttar seg av tenesta er menneske som allereie er i ein sårbar situasjon. Det er dei uføretrygda, dei sjuke og dei eldre som treng støtta.

Då er det synd at dagens velferdsordning er såpass kompleks og byråkratisk at ein nærast må vere frisk og ressurssterk for å kunne ha kapasitet til å sette seg inn i det og vite kva for rettar ein har.

No er det dessverre krefter i byrådet som ønskjer å gjere det enda vanskelegare å få hjelp, ved å svekke dei lokale tenestetilboda til Nav.

Før etableringa av Nav i 2005 hadde trygdeetaten - ei av dei tidlegare sosialtenestene til kommunane - ansvar for å kontrollere at ingen fekk mindre enn dei hadde krav på. Då var det tydeleg at underforbruket var høgare enn overforbruket.

Pauline Tomren (MDG) Foto: Ronny Bertelsen

Nav kontrollerer berre at folk ikkje utnyttar systemet. Altså vert folk med redusert arbeidsevne eine og aleine ansvarleg for å tyde krunglete språk og lovverk for å sikre hjelp til seg sjølv.

Velferdsordningar er meint å vere til hjelp for dei som treng det, og da er det svært trist at organiseringa av Nav blir gjort stadig meir utilgjengeleg for brukarane som treng det mest.

Nav er inga ideell ordning. Det er på tide å teste ut nye ordningar. Borgarløn kunne ha vore eit godt alternativ – ei ordning kor alle i samfunnet over ein viss alder får utlevert ein stor nok pengesum til å dekkje levekostnadar.

Det er allereie testa ut i Finland, og det er ingen grunn til at vi ikkje burde starte ei prøveordning med borgarløn her i Noreg.

Uansett kva for velferdsordningar vi får i framtida, er det viktig at vi sett individa framfor systemet: at det er sosionomane og ikkje økonomane som får det siste ordet.

Det første steget i den retninga må vere at bystyret får fleirtal for å behalde dei lokale Nav-kontora.

Pauline Tomren (MDG)