Bygdanytt arrangerer to debattar før valet: Ein på Osterøy og ein i Arna.

Debatten på Osterøy gjekk føre seg på tysdag i biblioteket i Lonevåg. Korleis det gjekk kan du lese her.

Torsdag 22. august klokka 1900 blir det debatt i kyrkjelydshuset i Indre Arna. Vi held på til klokka 2130.

I panelet sit: Tor Woldseth (Frp), Ove Sverre Bjørdal (Sp), Lillian Blom (SV), Geir Steinar Dale (Ap), Mailiss Solheim (Rødt), Tor André Ljosland (Krf), Tomas Moltu (Partiet Dei Kristne), Janne Gro Nyheim Rasmussen (H), Turid Sveen (Pensjonistpartiet), Øystein Bønes (MDG) og Trym Aafløy (FNB).

Eg skal styre ordet under møtet og vil blant anna ta opp spørsmål som våre lesarar har sendt inn.

For meg er dette vetle julaftan i lokaldemokratiet. Når julaftan er? Jau, det er valdagen 9. september.

Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør, Bygdanytt

PS: Sjå ei oversikt over alle våre valsaker her.