Regjeringa har trossa stortingsfleirtalet i Ulvsnesøy-saka.

Astrid Lindgren skal ha uttalt: «Når mennesker med makt sluttar å lytte på folk, då er det på tide å byte dei ut».

Stortinget vedtok 5. april i år at avdeling Osterøy ved Bergen fengsel skal innlemmast i den pågåande utgreiinga om Kriminalomsorga i Region vest. I mai seier regjeringa: Nei, det vil vi ikkje høyre på. Regjeringa foreslår nemleg i revidert nasjonalbudsjett, som vart lagt fram 15.mai, å avvikla fengselet på Ulvsnesøy.

Det trass i at Stortinget har vedtatt at ingen soningsplassar eller soningstilbod på Vestlandet skal leggast ned før Stortinget har blitt forelagt konsekvensane. Konsekvensutreiing for Kriminalomsorga i Region vest vil bli ferdigstilt mot slutten av 2019. Men regjeringa vil avvikle tilbodet ved Ulvsnesøy før gjennomgangen er ferdig.

Det er kritikkverdig og lite seriøst.

Peter Christian Frølich er stortingsrepresentant for Høgre. Han framstår som den største forsvarar for regjeringa si linje i saka (Bygdanytt 18/5). At regjeringa bryt eit nyleg fleirtalsvedtak frå Stortinget, uroar han ikkje. Mitt råd er at Frølich bør slutte å leike politikk. Eit stortingsvedtak er eit stortingsvedtak. Regjeringa er i mindretal. Då har Frølich og Høgre eit problem når dei oppfører seg som om dei har fleirtal.

Frølich uttalar til BN at drift av fengsel må finansierast gjennom budsjett. Det er sant. Men Ulvsnesøy er finansiert i 2018 gjennom det vedtekne statsbudsjettet. At regjeringa i revidert statsbudsjett for 2018 vil gjere vedtak om å legge ned avdelinga frå juni 2019, høyrer ingen stader heime. Dette får ikkje budsjettkonsekvensar i år. For 2019 vil ein måtte vidareføre leigekontrakten. Etter det eg er kjent med, så ventar stiftinga på ein førespurnad om dette. Verre er det ikkje.

Foto: Siv K. Berg

I revidert nasjonalbudsjett skriv regjeringa at Kriminalomsorgsdirektoratet anslår på usikkert grunnlag at husleiga kan bli i størrelsesorden 10 millionar kroner per år mot dagens 730 000 kroner, dersom eigedommen på Ulvsnesøy må kjøpast av staten.

Vel, det viktigaste å ta med seg her, er at direktoratet skriv sjølv at det er på usikkert grunnlag. Å gjere vedtak om avvikling av eit slikt viktig tilbod, bør ein gjere på sikkert grunnlag.

Frølich meiner det ikkje nyttar å ønske god jul og godt nyttår i stortingsvedtak, utan å diskutere pengane. Men det er nettopp det opposisjonen krev, når vi vil ha heile saka om Ulvsnesøy inn i Konsekvensutreiinga for kriminalsomrga for Vestlandet. Det er også eit ordtak som heiter «å setje prisar på alt, men ikkje sjå verdien av noko».

Har ein politisk vilje, er dette ei sak som burde kunne løysast. Den viljen fins ikkje hos regjeringspartia.

Sanninga er at kampen om Ulvsnesøy er slaget om kva kriminalomsorg vi skal ha i Norge i framtida. Skal ein satse på og sjå verdien av dei små einingane, dei små fengsla med dei beste resultata? Eller skal det blir her som på dei fleste andre samfunnsområde under FrP/H/V-regjeringa : sentralisering og større einingar. Just det same om ein talar om kommunar, fylker, sjukehus, høgskular, politidistrikt - eller fengsel.

Blir framtida i kriminalomsorga utelukkande store fengselsmodular, for å sikre mest effektiv «produksjon» av soningar? Eller skal ein fortsatt ha rom for mindre, desentraliserte tilbod og soningsplassar som ser det heile mennesket? Som faktisk legg til rette for tilbakeføring av innsette til samfunnet, som er det eigentlege føremålet med heile greia?

Vil Ulvsnesøy gå med i dragsuget av regjeringas avbyråkratisering - og effektiviseringsreform, som treff kriminalomsorga så sterkt?

Eg trur ikkje Frølich kan ha vore på Ulvsnesøy. Det burde han, som fylket sin fremste justispolitikar. Når ein talar varmt om soningsplassar i Nederland, er dette motstykket. Eg har vore så heldig å få omvisning på Ulvsnesøy. Det var fantastisk på alle måtar. Men ein ting eg beit meg spesielt merke i, var forteljinga om korleis dei eitt år innfridde regjeringas såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Dei måtte slakte sauene.

No vil regjeringa slakte ned heile drifta.

Det får ikkje skje utan politisk kamp.

Kjersti Toppe  Stortingsrepresentant Senterpartiet