Tidlegare MDG-politikar, no medlem i KRF, Tom Sverre Tomren rettar hard skyts mot Ap sitt samarbeid med Frp.

Det er ganske utruleg at han, og andre politikar i Osterøy kjem med kritikk av eit listesamarbeid, der Ap og Frp gjekk saman for å sikra seg representasjon i eit politisk utval. Tomren sitt tidlegare parti, MDG og noverande parti KrF gjekk saman med alle partia i Osterøy, inkludert Frp for å sikra at Ap ikkje fekk ordføraren i perioden.

Det vil seia at desse partia, sikra Frp to representantar i formannskapet og varaordførarvervet.

KrF fekk sin ordførar på plass ved å samarbeida med Frp, og MDG fekk plass i formannskapet.

Utan dei var dei ikkje i nærleiken av å ha nok stemmer til å få ordføraren. Det har eg ikkje noko problem med. Slik er politikken.

Når ein ikkje har reint fleirtal må ein samarbeida med andre parti for å sikra seg sjølv posisjonar. Eit samarbeid inneber at ein må gje noko for å få noko.

For Osterøy Ap, som etter at alle parti gjekk saman i valteknisk samarbeid, stod på sida i osterøypolitikken var det ein gylden mogelegheit til å sikra seg større innflytelse gjennom eit listesamarbeid med Frp i valet til Kommunalteknisk utval.

Dette sikra Ap og Frp to representantar kvar i utvalet.

Utan om dette har ikkje Ap og Frp hatt noko formelt samarbeid, men der me har hatt samsvarande interesser har me funne saman for å sikra fleirtal for vår politikk. Sjølvsagt har både Ap og Frp i enkeltsaker måtta gje for å få. Det er sjeldan du får noko utan forventningar om å gje noko attende i politikken.

Det mest omfattande samarbeidet, på saksnivå mellom Frp og Ap, har vore i budsjetta. Det er trekt fram av andre som om me har eit omfattande samarbeid. Det er rett at budsjettet er svært mykje meir omfattande, og retningsbestemmande enn dei fleste andre saker i politikken.

Men i det har ikkje vore slik at Ap har gått av vegen for samarbeid med andre parti. I budsjettarbeidet har Ap lagt fram sine krav, og me har opna for samarbeid med alle som ynskjer det.

At det berre er Frp me har klart å komma til semje med betyr berre at dei har lagt seg nærmare våre krav enn det dei andre partia var innstilt på.

Eg reknar med at Frp også har vore nøgd med budsjetta som har vore vedteke, så det har altså ikkje vore svært stor skilnad på kva sektorar me har villa prioritera.

Satsingane har dei siste åra vore, blant anna:

Lengre opningstider i barnehagane, auka bemanning i barnehagane, opningstidene i SFO, satsing innan heimetenesta, sikra ekstrastillingar på ungdomsskulen osv.

Det som er svært beklagelig er den situasjon som har utvikla seg i osterøypolitikken, og då spesielt innafor kommunalteknisk utval. Der opplever me personangrep, kreative prosessar for å kjenna folk ugilde og eit klima som er svært ugreitt.

Dette skuldast på ingen måte samarbeidet Ap og Frp hadde med valet til utvalet å gjera. Dette skuldast utelukkande representantar i FrP sine handlingar og utsegn.

Dette rammar ikkje berre Ap sine representantar, men det svekkjer det politiske arbeidet, det svekkjer omdømmet til politikarane, det er til skade for kommunen, lokaldemokratiet og innbyggarane.

Det er svært beklageleg at Tom Sverre Tomren nyttar ein slik situasjon til å slå politisk mynt. Her må me alle stå samla om å få politikken inn på rett kjøl att.

Eg er skuffa over deg Tom Sverre, du veit betre.