Nyleg kunne Bygdanytt melde at berre fem av 125 tilsette i barnehagane på Osterøy er menn. Det er altså berre fire prosent av dei tilsette i Osterøy-barnehagane som er menn. På landssnittet er det berre ni prosent mannlege tilsette i barnehagane.

For å rekruttere fleire menn til barnehagen har Osterøy kommune oppretta lekeressurs.

Det er ei ordning for mannlege ungdomsskuleelevar i niande klasse, der dei i løpet av seks veke skal leke med barnehage-barna og få eit innblikk i korleis det er å jobbe i barnehagen.

Leikeressursen jobbar fire timar i veka og får løn for arbeidet. Det skal, forhåpentlegvis, resultere i at endå fleire menn ønskjer å jobbe i barnehage.

Statistisk sentralbyrå-forskarane Nina Drange og Marte Rønning har sett nærare på mellom anna effekten av å ha mannlege tilsette i barnehagen.

I tidsperioden 2005 til 2007 følgde dei 2161 barn som gikk i barnehage i Oslo. Duoen har mellom anna sett på mengda pedagogar, menn, tilsette med innvandrarbakgrunn og sjukefråværet i barnehagen.

Til NRK seier forskarane at det einaste dei finn som har utslag for korleis det går med barna seinare er mengda menn.

Funna til forskarane viser altså at mengda menn i barnehagen har ei betyding for korleis barnet gjer det seinare på skulen, men kvifor har ein ikkje svaret på.

Siv K. Berg er journalist i Bygdanytt. Foto: Mads René Trellevik

Ein av dei som har vore med på leikeressurs-prosjektet på Osterøy er ungdomen Adrian.

Til Bygdanytt fortel han at han gjerne vil tilbake i barnehagen ein gong i framtida, og at han har kost seg.

Også assisterande styrar og pedagog Øystein Dommarsnes ved barnehagen i Lonevåg er full av lovord om ordninga, og håpar sjølv at det bidreg til at fleire menn ser verdien av å jobbe i barnehage.

Leikeressurs høyrast ut som ein vinn-vinn situasjon for alle partar.

Barna får ein person som er dedikert til å leike med dei og dei tilsette får ein ekstra person til å bidra i nokre timar.

Ikkje berre får ungdommen arbeidserfaring, men dei får også innblikk i ei viktig oppgåve for det norske samfunnet - å ta vare på barna og gje dei viktig lærdom før dei går vidare til skulen.

På kvinnedagen uttalte Mari Teigen, leiar for Core-senter for likestillingsforsking, til Bygdanytt at det har vore ei stor utvikling innanfor likestilling i Noreg.

Likevel meinte ho at det var ein lang veg å gå for å få eit likestilt arbeidsmarknad. For kvinner og menn vel framleis i stor grad ulike yrker, slik ein ser mellom anna i barnehagane.

Det er ingen tvil om at alle vil vinne på at arbeidslivet blir mindre kjønnsdelt. Derfor er det flott å sjå at Osterøy kommune tek dette på alvor og set i gang prosjekt som Leikeressurs, som eg håpar bidreg til at fleire menn ser gleda av å jobbe med barn.