Sju månader etter omorganiseringa i Vest politidistrikt er det framleis mykje som står att for å nå dei ambisiøse måla i nærpolitireforma. Men vi er på rett veg.

Vaksdal-ordførar Eirik Haga spør i Bygdanytt 28. august om politiet held løfta i nærpolitireforma. Sju månader etter omorganiseringa er løypemeldinga frå Vest politidistrikt at vi er på god veg, men vi har framleis eit stykke å gå.

Ambisjonane i nærpolitireforma er mange og høge. Kanskje for høge, sett i forhold til ressursane politiet sitter på. Og i alle fall for høge til å kunne kvittera dei ut allereie no.

Vi kan sjølvsagt ønskje oss meir ressursar. Det ville løyst mange utfordringar. Spesielt på dei stadene i politidistriktet kor bemanninga er for låg i forhold til våre behov og innbyggjaranes forventningar. Vi må også ha sterke fagmiljø på ei rekkje område i felles einingar som dekkjer heile politidistriktet. Også her opplever vi ressursutfordringar i forhold til ambisjonane. Politiet må alltid prioritere sine ressursar og eg veit at det er vanskeleg for samvitsfulle og hardtarbeidande medarbeidarar å oppleva at vi ikkje alltid strekker til.

Og signala frå regjeringa er at det blir enda trongare i åra som kjem.

Nærpolitireforma er ikkje årsaka til ressursutfordringane. Reforma er heller ikkje åleine løysinga som vil gi oss meir kapasitet. Den er derimot ein etterlengta kvalitetsreform som skal gjere politiet betre i stand til å sikre tryggleiken til innbyggjarane i framtida.

Sjølv om vi framleis er i startgropa, ser eg at endringane byrjar å virke. 1300 dedikerte polititilsette i Vest politidistrikt skal ha mykje av æra for det. Mellom anna syner ei fersk gjennomgang at vi leverer mykje betre og likare tenester frå våre politipatruljar no samanlikna med for to år sidan. Ny teknologi, økt kompetanse og ny arbeidsmetodikk gjer politipatruljane i betre stand til å få etterforskinga på rett spor med god kvalitet frå første stund.

Samstundes får politipatruljane betre oppfølging frå ein meir profesjonell operasjonssentral. Patruljane melder at kvaliteten på operasjonssentralen er blitt merkbart betre. I snitt handsamar vi om lag 250 hendingar dagleg og har få klager. Vi har i periodar utfordringar med å svare innringjarar som ikkje er i naud og fleire redaksjonar vore misnøgde med tilgangen til operasjonssentralen når ting skjer. Det er forståeleg og vi jobbar med å betre informasjonsflyten til media.

Vi ser også effekten av vårt nye felles straffesaksinntak der juristar og etterforskingsleiarar skal støtte patruljane når dei er ute. Eininga skal også ferdigstille og avgjerda flest mogleg saker slik at etterforskarar i dei geografiske einingane får betre tid til dei prioriterte sakene. Vi ser allereie gevinstar på kvaliteten i etterforskingsarbeidet og at sakene blir gitt riktig prioritet frå starten.

Førebygging skal ligge i botn for alt vi gjer og gjennom reforma jobbar vi med å utvikle og profesjonalisera denne metodikken. Men politiet kan ikkje skape tryggleik i samfunnet åleine. Gjennom reforma har vi fått på plass politikontaktar i alle politidistriktets 54 kommunar. Dei er allereie i gang med møter i dei lokale Politiråda. Her møtast kommuneleiinga og politikontakten for å diskutere utfordringar og bli einige om tiltak. Eg får rapportar om godt lokalt samarbeid frå heile politidistriktet.

Fleire kommunar har gitt uttrykk for at dei ønskjer seg meir politi fysisk til stades i lokalt. Det er forståeleg og sjølv om vi mange plassar har fått større og meir robuste tenestestader, er eg ikkje nøgd med bemanningssituasjonen fleire stader. Samstundes må politiet endra seg i takt med utviklinga og vera tilstade der kriminaliteten skjer.

Innbyggjarundersøkinga frå 2017 syner at nettsvindel for første gong er den hendinga flest er uroa for. Ikkje utan grunn. Vi ser ei sterk auke innan område som identitetstjuveri, svindel og nettrelaterte overgrep mot barn og unge. Dette er kriminalitet som skjer på nettet over alt.

Difor er vi i full gang med å byggje opp Vest politidistrikt sitt nærvær på internett. I tillegg til å ha sterke fagmiljø på digital kriminalitet, vil vi før nyttår opprette vår første lokale nettpatrulje og vi skal satse meir på dialog med folk på sosiale medium. I åra som kjem vil kanskje nettsatsinga vår bli det verkelige nærpolitiet.

Dette er berre noko av alt vi jobbar med no. Eg meiner at Vest politidistrikt så langt har halde mange av løfta i nærpolitireforma. Vi har ikkje lukkast med alt etter starten av ny organisasjon i mars og mykje er framleis i startgropa. Ressurssituasjonen gjer det utfordrande, men meir ressursar vil ikkje åleine bøta på dei kriminalitetsutfordringane vi står overfor.

Politiet må endra seg og vi er på god veg.

Politimeister Kaare Songstad