Eg var 19 år og hadde min første praksis om lærarstudent. Øvingslæraren min, Solveig, hadde gitt meg gode tilbakemeldingar på timane mine fram til no. No skulle eg ha ein time i O-fag. Eg gjekk opp til kateteret og skreiv med store bokstavar: SAMMFUN.

Eg såg øvingslæraren min vart raud i andletet, men eg skjøna ikkje heilt kva som var problemet. Timen gjekk sin gang. Ganske greitt synes no eg. Etter timen var det evaluering.

Solveig var ikkje nådig. «Du kan nok aldri bli lærar», sa ho.

«Du er flink med borna, og flink til å formidle. Men om du ikkje klarar å skrive ordet samfunn rett på tavla bør du finne deg eit anna yrke. Læraryrket er ikkje for alle».

Den dagen gjekk eg heim sint og lei meg på ein gong. Eg har kjent djupt i meg at eg kom til å blir ein god lærar. Eg hadde undervist og vore leiar og fotballtrenar sidan eg var 16 år. Alle tilbakemeldingane hadde vore gode. Frem til no.

Kort tid etter fekk eg ein ny nedtur. Det var norsk eksamen på lærarhøgsskulen, og jammen strauk eg på eksamen. For fyrste gong i mitt liv. Då eg fekk oppgåva tilbake var den full av raude markeringar av skrivefeil. Det var første gong eg hadde hatt eksamen utan tilgang på ordliste.

Tom Sverre Tomren bur i prestegarden på Haus, Far til fem, førsteamanuensis i religion, etikk og livssyn på Høgskulen på Vestlandet, prest og fylkespolitiker.

Høgskulelektoren i norsk kom bort til meg og sa noko som kom til å endre livet mitt. Han sa: «Tom, eg er sikker på at du har dysleksi». Eg blei testa av ein logoped, og jau: Eg fekk diagnosen dysleksi/skrivevanskar. Då hadde eg gått på skule i 12 år. Mykje fall på plass for meg: Alle åra der eg hadde måtte slå opp alle orda i ordlista kvar gong eg hadde norsk, engelsk og tysk. Hjernen min mangla rett og slett klister på å hugse bokstavar.

Eg forstod kvifor eg ikkje klarte å hugse korleis «Interesse» vart skriven trass i at eg hadde skrive ordet ein million gonger før. Eg forstod kvifor eg hadde vend meg til å sjå etter i alle nye klasserom om det var ord som eg kunne ha bruk for på vegger og plakatar. Eg forstod kvifor eg likte betre å snakke enn å skrive.

Heldigvis gjekk det bra på grunnskulen og vidargåande. Eg var ein av dei flinkaste gutane i klassen i fotball og gym, eg var flink i matte, og eg var sterk munnleg i alle fag.

Sjølv norsk, engelsk og tysk gjekk ikkje så ille, sidan det var både munnleg og skriftleg karakter. Det eg nok ikkje visste var at eg hadde brukt dobbelt så lang tid på stilane og glosane som dei andre.

Eg hadde slått opp kvart enkelt ord i den korte stilen eg skreiv. Tanken var frigjerande: «Eg hadde altså dysleksi - eg var ikkje dum i språk?».

Det er no 33 år sidan. I løpet av denne tida har eg lært meg å leve med ordfeila mina og funne teknikkar som gjer at det ikkje hindrar meg. Eg har lært meg både gresk, hebraisk og fransk . Eg har skrive fagartiklar, gitt ut bøker og skrive mykje både her i avisa og på nettet. Kven av dykk hadde visst at gjesteskribenten i Bygdanytt har eit slikt handikap?

Ein av grunnene til at det går greitt er sjølvsagt at datamaskina har komen. Den gir god hjelp og markerar alle feile ord med raudt. Ein annen ting som har hjelpt meg er at eg ganske enkelt har vorte van med at ein skal slite litt for å skrive rett. Gjennomlesing av teksten mange, mange gonger har vorte ein vane. Og den viktigaste lærdommen: Eg har lært meg å spørje om hjelp og at nokon leser gjennom teksta dersom den må være feilfri.

Framleis hemmar dysleksien meg på noko. Det er krevjande og tar tid å skrive rett engelsk og fransk. Eg trivst betre med å ta ein telefon enn å skrive, og stundom får eg melding om at eg har skrive det eller det ordet feil på fjesboka.

Kva er det eg prøver å seie med denne personlige historia. For det fyrste vil eg setje eit fjes på dysleksien. For det andre vil eg seie at alle «læringsstrategiane» og kunsten å slite for å få ting til, opp gjennom åra har gitt meg noko eg neppe hadde hatt om eg hadde hugsa ordbileta rett: Arbeidsvaner, evnene til å ta til seg informasjon på nye måtar, trua på at det går greitt sjølv om det buttar imot, forståing av at sjølv om folk er svak på nokre felt, tyder ikkje det at dei korkje er dumme eller lite verdifulle.

Og viktigast: at det går an å spørje om hjelp! I eitt av breva sine skriv Paulus at «Når eg er svak; då er eg sterk». Eg trur det stemmer, i alle fall gir det gjenklang i meg.