Bygginga av Familiens Hus har fått eit ufortent negativt fokus.

Historia om bygginga av huset er lang og krunglete, med ulike forslag til løysingar opp igjennom. Det gamle Coop-bygget har stått som eit sår i Lonevåg. Eit vitnesbyrd på politisk omkamp og manglande gjennomføringsevne.

No er me endeleg kome der at me er nær ei realisering av eit etterlengta prosjekt. Ei investering som nyleg fekk fleirtal i heradsstyret, med kun Frp sine stemmer imot.

Til tross for fleirtal, har ikkje Frp gitt opp kampen med å få stoppe bygget. Dei har sendt saka til lovligheitskontroll og det vert framstilt av partiet som om rådmann har gått utover dei fullmaktene ho har. At det er feil i sakshandsaminga, og at det er tale om store overskridingar.

Tone Mjelde i Osterøy Ap. Foto: Ronny Bertelsen

For det fyrste har aldri politikarane vedteke ei konkret løysing for bygget. Det er avsett midlar i investeringsbudsjettet til ombygging av bygget, men i eit budsjettvedtak kan ein ikkje vedta kva løysingar ein vil velja i detalj. Når rådmann får tilbakemelding frå tilbodsgjevarane at det vil vera mest tenleg, både økonomisk og løysingsmessig med riving og eit nybygg (i staden for ombygging), ville det framstå som uansvarleg å ikkje lytta til desse innspela. Me stoler på dei faglege vurderingane som er gjort i denne prosessen.

Politikarane vart tidleg orientert om denne endringa i formannskapet, utan at det vart ytra protestar frå noko parti. Formannskapet var samde i at dette nok var den beste løysinga, og gav klår tilbakemelding til rådmann på at ein ynskte eit bygg av god og framtidsretta kvalitet. Det vart blant anna peika på at ein ikkje skulle gå for dei absolutt rimelegaste løysingane, men sjå på kostnadane i eit lengre perspektiv. Difor er det også valt løysingar med brønnar for vassboren varme, og solcellepanel. Det er viktig at kommunen er sitt ansvar bevist i å redusera energiforbruk, og velja miljøvenlege løysingar. Kostnadsberekninga som ligg til grunn for budsjettvedtaket er fleire år gammal. I så måte er ikkje ei auke på 6 millionar (17%) dramatisk.

Johannes Bysheim i Osterøy Ap. Foto: Mads René Trellevik

Bygget er no rive og ifølgje planen skal bygget stå klart i april 2019. I bygget skal Barneverntenesta, PPT, Helsestasjonen, Tverrfagleg Teneste, Heimetenesta og Psykisk Helse samlokaliserast. Det er fleire grunnar til at dette er positivt for Osterøy kommune og innbyggarane våre:

  • Tenester blir samlokaliserte, noko som skal sikre at samarbeidet mellom tenestene blir lettare og betre. Me veit at dersom tenester samarbeider og jobbar i lag for barna, familiane og brukarane sine, så sikrar dette betre resultat og betre hjelp! Som igjen fører til at barn, unge og familiar får det betre og at dei økonomiske og personlege konsekvensane blir mindre.

  • Det blir eit nytt bygg som er tilpassa dei tenestene som skal vera lokalisert i bygget. Tenestene har til no hatt dårlege lokale, som også påverkar dei som bruker tenestene.

  • Kommunen sparer leigekostnader.

  • Huset ligg svært sentralt til, noko som gjer tenestene lett tilgjengelige for innbyggarnae. Her skal til dømes ungdomsskuleeleven kunne kome gåande ned etter endt skuledag dersom han treng nokon å snakke med.

Familiens Hus er eit spennande prosjekt, som vil løfte tenestetilbodet i Osterøy Kommune. Me i Osterøy Arbeiderparti ser med glede på at spesielt barn og unge blir satsa på i kommunen vår og at planane om eit faktisk Familiens Hus er nærmare realisering enn nokon gong.

Tone Mjelde og Johannes Bysheim

Osterøy Arbeiderparti