Arnafolk er til vanleg tolmodige. Det skal mykje til før vi går på barrikadane. Men nyleg fekk vi det eg vil kalle ei sjokkmelding om at dobbeltsporet på Bergensbanen mellom Arna og Bergen først kan takast i bruk i 2024 – to år seinare enn planlagt.

Skal vi også denne gongen berre stillteiande finne oss i utsetjinga, eller skal vi ta til motmæle og protestere ?

I eit kort tilbakeblikk har eg mellom anna saksa følgjande:

  • 12. mars 2004 meldte NRK «dobbeltsporet frå jernbanestasjonen i Arna til Fløen skal stå ferdig i 2009.

  • I forrige NTP (Nasjonal transportplan) vert det slege fast at «Det vert dobbelt jernbanespor gjennom Ulriken innan 2015».

  • Arbeidet starta opp i 2015, og då var planen at dobbeltsporet skulle vere klart for trafikk i 2022.

  • I april 2018 vert det gjort kjent at prosjektet vert forseinka og kan først takast i bruk i 2024.

«Ulrikke» gjorde jobben med den nye tunnelen heilt etter planen og brukte om lag 20 månader på å gnage seg gjennom Ulriken.

Men så skal det altså gå ufattelege sju nye år før dobbeltsporet kan gjere nytte for seg.

Forstå det den som kan.

Visst veit eg at «gamleholet» skal rustast opp, og det tek tid – må vite – men sju år!

Det er kort og godt meiningslaust og totalt uakseptabelt, særleg når ein ser på forhistoria ovanfor.

Når vi i tillegg høyrer at ein viktig grunn til forseinkinga er at dobbeltsporet (som hittil har kosta om lag fem milliardar ) må vike prioritet for uferdige planar for ein ny bybanetrasé.

Då er nok, nok!

Dette er meiningslaust og vitnar om eit planleggingskaos som igjen fører til uakseptabel og manglande framdrift.

Det er naturleg å verte både forbanna og frustert når det stadig kjem innspel som inneber utsetjing. Denne gongen meiner eg vi må vi mobilisere kamplysta og aksjonere, for det er ikkje første gong vi erfarar at korkje planar, vedtak eller lovnader er til å stole på.

Togsambandet og dobbeltsporet har ikkje berre enorm betydning for oss i bydelen Arna, men også for innbyggjarar i fleire nabokommunar.

Så langt ikkje høyrt ein einaste bystyrepolitikar som har ytra seg om den seinaste utsetjinga (Det kan enno kome fleire), så der tykkjest det ikkje vere særleg støtte å hente.

La oss difor stå saman med naboane og vise at vi tek den nødvendige kampen som skal til for å kreve at dobbeltsporet må vere klar til bruk i 2022 slik føresetnadene har vore.

Korleis skal vi så aksjonere?

Mitt forslag er at vi viser vår protest mot utsetjiinga ved å lage ein underskriftskampanje der vi inviterer våre naboar på Osterøy, i Samnanger, i Vaksdal og på Voss til å vere med.

Kravet er klart: Dobbeltsporet må vere klart for trafikk i 2022.

Er du med?