3. mai hadde mine foreldre 66 års bryllaupsdag. Kronjuvel, pluss ett. Ikkje alle er så heldig at dei får vera ilag so lenge igjennom eit langt liv på 91 år. Retting: dei er ikkje ilag lengre. Det vil seia, dei får ikkje bu i lag.

På bryllaupsdagen 3. mai 1952 kom Odd med toget frå Bergen til Arna (gamle stasj.) Toget hadde tatt omlag ein time. I Bergen hadde han henta brudebuketten slik brudgommen skulle. Bestilt av Odd, sjølvsagt, betalt av Odd og henta av Odd. Slik var skikka. Mamma sa alltid med stoltheit: "Han var altfor stor for meg, den buketten. Du veit Odd skulle absolutt spandera femogåtti kroner på buketten. Lyseraude roser med gammaldags brudeslør".

Det var berre det at Odd skulle hjelpa tante Kristi frå Horten av toget i Arna, at han gløymde buketten som fòr vidare med toget til Garnes! Da vart oppstandelse på stasjonen og dei ringde til Garnes og fekk satt buketten øve på tog tilbake til Arna! Tante Kristi hadde reist så langt at ho fekk vera med på det eine bryllaupsbilete, og fordi ho fekk representera far si sida. Bruda si far som ikkje lengre levde.

Mamma har fått lyseraude roser på kvar bryllaupsdag sidan denne maidagen i 1952. Eller rosa roser som me seier då.

Mor mi bur på Heim, mens pappa, han bur heime. Mor mi spør omlag kvar gong vi er der ilag med pappa, kvifor dei ikkje bur saman. " E vi skilt då?" Spør ho med redde og spørjande, gamle auge. Berre trist. Mamma kjenner ikkje meg lengre. Men ho kjenner pappa. "Kor har du vert Odd? Eg har venta på deg!"

Dei gifta seg 3. mai 1952. No bur ho på heim, medan han må bu heime. Foto: Privat

Min gode far, så vidt han greier å gå, sjølv med stav. Han ristar på hovudet og tar handa si på kinnet til mamma og smiler til ho. Han grin mykje og for tida, men mest då han er rørt og bevega. Over songar han kan utanboks. Han kan mange songar. Heile songboka, trur eg. Han er ein Bedehusets mann.

Då eg vaks opp som den yngste av fire, heile 17 år etter mi søster, grein far min aldri.

Han arbeidde i fabrikken i Ytre Arna. Fyrst i ullvaren, som vevar. Da var hardt. Han var ansvarleg for mange vevstolar. Da var så varmt at han til og med bretta opp skjorteermane! Og det var ikkje kvar dag! Heile 30 grader var det! Og mykje fukt. Ulltråden kunne slitna, om ikkje. Det var dyser i taket som sleppte ut fukt. Han sprang og kontrollerte kvar vevstol. Heile skiftet. Han vart aldri sjuk, far min. Sjølv om han gjekk ut i natta, dyveten av sveitte, og sykla heim. 5 km. Han budde på Kleivatoppen i Arna.

Han var nygift og spara til eige hus.

Etterkvart fekk han byrja i bomullè. Der var det betre. Ikkje så varmt. Der kom skip ifrå Egypt med finaste bomull. Tekstileventyret tok slutt. Det me har igjen, er minner og nokre vevskytlar han redda ifrå bosskonteinar då dei tømte heile fabrikken. Rett i bosskonteinaren fòr alt. Han var heldig og fekk seg arbeid på Arna bruk, og trekte seter til bussane. Arna busser. Han kunne dette med tekstilar. Og mykje meir. Han heva arbeidsbenken med nokre cm og fekk ikkje ilt i ryggen lengre. Ikkje dei andre heller på bruket som tok rådet hans. Mor hans kalla han for tusenkunstnar. Ho hadde fødd 18 born, så ho kunne veta det. Me seier at "me tek ein Odd" kvar gong me gjer noko lurt. Far min er Odd`n.

Han gjekk i fjellet kvar dag til han var 85. Han gjekk i kyrkja, og i Bedehuset. Der sto han i bresjen då dei bytte tak. Han var aktiv, Odd`n.

No er Odd einsam. Han saknar si Else. Han har vitjingven i frå Raude kross. Eg, som er yngste dottera set i rullestol og har sjølv dagleg hjelp grunna MS.

Han vil bu med si kjære Else. Tre avslag har han fått på søknad om sjukeheimsplass. Foto: Privat

Mi syster lever ikkje lengre. Papen vitjar meg, når han har vore hjå mammo med hjelp av bror min. "Det e so vidt eg klara da", seier han. "Da e berre viljen so heldt meg oppe!" Min andre bror tek han med til mamma ein gong i veka. Meir klarer ikkje pappa. Da kosta han enormt, med trykk på E, slik seier han det.

Pappa er svært dårleg grunna kreftoperasjon tre år sidan, og eit drypp. Korttidsmedvita er ikkje der. To gonger har det vorte oversymjing grunna han har gløymd å skru att krana etter han vaska hendene ved toalettvitjing. Den eine gongen rant vatnet inn på soverommet og det rant ned i kjellaren, og heile golvet måtte skiftast ut grunna fukt. To gonger har det tatt fyr på kjøkenet. Eine i steikepanna fekk eg vete, då heimesjukepleiaren ringde meg og høyrdes lettare sjokkert ut. Ifylgje ho var det full fyr, med pappa tilstades. Han er ueinig med meg her, må seiast. Da må ha vore hjå nokon andre. Den andre gongen var i ullpleddet han set på, som ligg oppå skaikjøkenstolen. Pleddet kom borti varmeovnen. Det store svidde merket, lest me ikkje vedgå.

Skal det gå heilt gale før han og kan få kome seg på Heimen? Dette er det han for tida ynskjer mest. Han vil bu med si kjære Else. Tre avslag har han fått på søknad om sjukeheimsplass.

Eg blir alterert! Det er ord mamma brukte då noko ikkje var rett. Eg klandrar ingen. Eg har berre eit stort hjartesukk. Det er ei skam at dei ikkje skal få vere i lag til det siste. Slik dei lova kvarandre i Arna kyrkje for 66 år sidan.

Lisbeth Solsvik Hjortland