Vi ved elevrådet på Haugland skule vil gjerne fortelje om ein sak som er veldig viktig, no når Haugland skule skal bli lagt ned.

Det som er saken, er at vegen til Ytre Arna skole er veldig farlig for små barn som ikkje er heilt trygge på trafikkreglane. Er det greitt at foreldre skal sende småtrinnselevar, som kanskje må gå over to kilometer til skolen kvar dag, på ein veldig farleg skuleveg?

Foreldre vil ikkje sende barna sine på skolen når dei veit at det er farlig. På vegen har vi lastebiler som kjem rett ut i vegen der barna må gå, utan at der er verken fortau eller overgangsfelt. I tillegg er det vanskeleg å sjå barna frå dei høge lastebilane. Det er fleire stader langs vegen som manglar overgangsfelt. Når det er mørkt, blir det ein ekstra farleg skuleveg. Elevane må springe over vegen, utan overgangsfelt. Er dette greitt?

Nokre av grunnane til at det er farleg å gå der, er at det er mykje trafikk. Dette må gjerast noko med. Når Bergen kommune fyrst skal leggje ned skulen vår, må det gjerast noko med den farlege vegen til skulen vi skal begynne på.

Dersom ein vil at barna skal ta buss ned, kan det også vere utfordringar når alle skal gå ut av bussen. Den stoppar midt i vegen, og det er trongt når vi skal vente på å gå over vegen. Dette ser vi allereie no.

Eit alternativ til at elevane må gå til skulen, er at dei vaksne køyrer oss. Dette vil føre til mykje meir trafikk, og vil gjere skulevegen endå meir utrygg, i tillegg til at det er svært dårleg for miljøet.

Dei fleste av oss har ein god og trygg veg til Haugland skule, og når vi skal bytte skule, må det vere sikra at vi får ein trygg skuleveg. Vi må få fortau, overgangsfelt, og noko som gjer at det ikkje er farleg å gå forbi lastebilinnkøyrsla i Orfallet.